Eg klarar ikkje verta einig med meg sjølv om kva som er mest naturleg av
«navigasjonslinje» og «navigeringslinje» på norsk. Det er altså snakk om
denne linja med knappar som «Tilbake», «Fram» og «Heim» i for eksempel
ein nettlesar, der ein kan navigera seg mellom nettsider/dokument. På
engelsk heiter det «navigation bar» eller «navigation toolbar».
I KDE-omsetjingane har me vakla ein del. Eg finn for eksempel
navigasjonskontroll
navigasjonspanel
navigasjonslinje
men òg
navigeringsverktøy
navigeringsknappar
navigeringspanel
navigeringsfane
navigeringslinje
I tillegg brukar me «navigering» i ord som
tastaturnavigering
skrivebordsnavigering
mappenavigering
fingernavigering
men det er kanskje meir naturleg, då det er snakk om handlingar? (Men me
har òg «musenavigasjon».)
Me bør vera konsekvente her, iallfall for dei orda som *startar* med
«navigasjons-»/«navigerings-». Så har nokon synspunkt på kva som er
språkleg best eller mest naturleg?
--
Karl Ove Hufthammer