Noen få matematiske funksjonar er ikkje omsette i LibreOffice 4.0,
bokmål og nynorsk.
Forslag:
nynorsk bokmål
AVERAGEIF -> GJENNOMSNITTDERSOM -> GJENNOMSNITTHVIS
AVERAGEIFS -> GJENNOMSNITT.DERSOM.SETT -> GJENNOMSNITT.HVIS.SETT
BITAND -> BITOG -> BITOG (nå: BITAND)
COUNTIFS -> TAL.DERSOM -> ANTALL.HVIS
SUMIFS -> SUMMERDERSOM -> SUMMERHVIS (nå: SUMMER.HVIS)
Bokmålsversjonane er oppførte i bokmålsutgåva som forslag (fuzzy)
unntatt BITAND, som er ført opp som endeleg. SUMMER.HVIS er ført opp som
forslag.
Eg har kikka litt på andre rekneark, og sett opp forslaga mine ut frå
det eg fann i bruk. Vil jo helst at brukarane skal kjenne igjen uttrykka
frå eventuelle andre rekneark dei måtte ha kjennskap til frå før.
TAL.VISS er føreslått i nynorskutgåva. Dette har eg endra for å vere i
tråd med resten av kommandoane. Å føreslå å bytte ut alle DERSOM med
VISS vil vel ikkje bli heilt godtatt --- trur eg.
Det finst sikkert fleire slike funksjonar/kommandoar som treng å
diskuterast, men det får eg heller kome tilbake til dersom/når eg kjem
over dei.
Kolbjørn Stuestøl