Eg har tenkt å byrja bidra til ordlistene/stavekontrollen, men eg har eg
eit spørsmål. Burde ikkje ordlistene som er utvikla ved Universitetet i
Oslo vera tilgjengelege? Då prøvde å finna utav dette i 2001, skreiv
Christian-Emil Ore ved UIO dette til meg:
> Vi jobber med basisressurser både for bokmål og nynorsk. Vi har
> databaser over 100 000 nynorskord med bøyningsmønstre egnet for
> datamaskiner. For tiden jobber Oddmund Vestenfor med å påføre
> 2000-rettskrivingen på dette materialet. Men vi trenger mer penger
> til å holde ham i drift. Basisressursene vil være de mest kostbare å
> framstille. Når jobben er gjort, er vår intensjon å legge listene ut
> til glede for alle og her mener jeg alle.
Det er for ille at ein skal måtta gjera dette arbeidet på nytt når
staten alt har betalt for å få det gjort.
Så ei kommentar om filformatet. Det ser ut til at tabellen over
bøyingsformer ikkje er komplett, og heller ikkje heilt rett.
Adjektiv i positiv, determinativ og perfektum partisipp av verb har
samsvarsbøying med fire gjensidig utelukkande former, nemleg hankjønn,
hokjønn, inkjekjønn og fleirtal. Nokre døme:
hankjønn hokjønn inkjekjønn fleirtal
adj stor stor stort store
adj liten lita lite (småe)
det min mi mitt mine
det annan anna anna andre
det nokon noka noko nokre
det eigen eiga eige eigne
pp lesen lesen lese lesne
pp kjøpt kjøpt kjøpt kjøpte
Adjektiva har i tilleg ei bunden form som normalt fell saman med
fleirtalsforma: store bilar, den store bilen, men: småe bilar, den litle
bilen. Det siste kjem av blanda bøying med dei to adjektiva liten og
små, så det kan me sjå bort frå.
Adjektiv i komparativ har berre ei form: større bilar
Adjektiv i superlativ har to former: ubunden og bunden. Døme:
ubunden bunden
størst største
I Norsk referansegrammatikk blir tradisjonelle adverb med samsvarsbøying
rekna til adjektiva, og adverba er såleis ubøyelege. Til dømes bør
"fort" difor reknast som eit adjektiv med berre inkjekjønnsform i
positiv, og ikkje som eit adverb.
Verba har i tillegg til dei nemnde formene ei form som heiter presens
partisipp, til dømes "ståande" av "å stå". Nokre av desse er førte opp
som adjektiv i ordlista, medan andre berre finst som verbformer. I
Norsk referansegrammatikk blir alle desse formene rekna til adjektiva,
så det er vel det me bør satsa på. Desse adjektiva er ubøyelege både i
kjønn/tal og grad.
Presens partisipp blir rekna som ei adjektivistisk verbform (eller då
som adjektiv i NRG). Stoda for perfektum partisipp er liknande, men her
har NRG vald å la dei stå under verba trass i at dei har bøying i kjønn
og tal slik som vanlege adjektiv. Det vil seia at me må innføra
bøyingsformene hankjønn, hokjønn, inkjekjønn og fleirtal for verba, og
desse skal då berre brukast saman med perfektum partisipp. Hankjønn og
hokjønn vil alltid vera samanfallande, så her kan me forenkla litt. I
bokmål vil faktisk inkjekjønnsforma òg alltid falla saman med hankjønn
og hokjønn, så der held det med eintal/fleirtal
Personlege pronomen bøyer me i kasus, dvs nominativ og akussativ, betre
kjend som subjektform og objektform. Dei personlege pronomena er det
ikkje så mange av, så her listar eg opp nesten alle saman (i nynorsk):
nom akk
eg meg
du deg
han honom/han
ho henne/ho
det det
me/vi oss
de dykk
dei dei
Dersom eg no ikkje har rota det til, burde bøyingstabellen sjå slik ut:
ordklasse bøyingsform
substantiv entall/flertall,
ubestemt/bestemt,
nominativ/genitiv
egennavn nominativ/genitiv
adjektiv positiv/komparativ/superlativ,
ubestemt/bestemt (i positiv og superlativ),
hankjønn/hunkjønn/intetkjønn/flertall (i positiv ubestemt)
adverb (ubøyelig)
verb infinitiv/presens/preteritum/
perfektum partisipp/imperativ/passiv,
entall/fleirtall (i nb perfektum partisipp),
han-hunkjønn/intetkjønn/flertall (i nn perfektum partisipp)
pronomen nominativ/akussativ
determinativ hankjønn/hunkjønn/intetkjønn/flertall
preposisjon (ubøyelig)
konjunksjon (ubøyelig)
subjunksjon (ubøyelig)
interjeksjon (ubøyelig)
Nominativ/genitiv trur eg er feil ord, men eg har ikkje noko betre her
og no.
Erik