Eg har no lagt til forbetra autofullføring i ordbankskriptet. Når ein
har skrive inn grunnordet, får ein no forslag om filtreringskriterium
(ordklassar) når ein trykkjer tabulatortasten, i staden for berre
forslag om nye grunnord. Eksempel:
$ ordbanken --sprak nn hoppe [tab]
adj fem klammeform pres ub
appell fl m/f pret verb
bu imp nøyt st-form
eint inf perf-part subst
Ordklassane vert berre henta frå grunnordet. Viss ein for eksempel slår opp
ordet «katt», får ein altso ikkje forslaget «verb»:
$ ordbanken --sprak nn katt [tab]
appell bu eint fl mask subst ub
Merk òg at autofullføringa berre vil fungera når ein står rett etter
oppslagsordet:
$ ordbanken --sprak nn katt bu [tab]
adj fl m/f st-form
appell imp nøyt subst
bu inf perf-part ub
eint interj pres verb
fem klammeform pret
Her vart altso forslaga henta frå ordet «bu», og ikkje frå ordet «katt» i
bunden form. Rett liste skulle vore «subst mask appell eint fl» (og ev. «bu»,
eller ev. utan «subst» og «mask», sidan *alle* linjene inneheld dette).
Dette er altso ein feil, men eg har ingen konkrete planar om å retta han.
Ei patch-fil er hjartelig velkommen! :)
--
Karl Ove Hufthammer