Espen Fjellvær Olsen wrote:
> Jeg lurer på om jeg skal oversette de forskjellige musikksjangrene i
> «libkcddb.po», eller beholde de engelske navnene?
I utangangspunktet, ja, dei bør omsettast. Men det er ikkje alle sjangrar som
*har* norske namn. Men der dei faktisk *finst*, bør dei omsettast, sjølv der
det er dei utanlandske omgrepa som *dominerer* i norsk språkbruk. For
eksempel får ein mange (nok) treff på omgrep som «svartmetall» og «syrejazz»,
sjølv om det er «black metal» og «acid jazz» som er *mest* brukt.
> F.eks. «Dance» -> «Dans», og «Christian gangsta rap» -> «Kristen
> gangsterrap».
Eg er usikker på dance/dans her. *Er* det det same?
Kunne du kanskje posta heile lista her, so kunne me diskutert oss fram til
norske namn på dei ulike sjangrane?
--
Karl Ove Hufthammer