Ut frå tidlegare diskusjonar har eg endra alle "DERSOM" i formlar til
"VISS" i betautgåva av LibreOffice 4.2. Endringane blir ikkje synlege
før neste utgåve (trur eg), dersom du ikkje byggjer programmet sjølv.
Sjølvsagt er det ikkje noe problem å endra VISS tilbake til DERSOM
dersom dette er ønskjeleg. (Ja, til vanleg brukar eg sjølv "dersom" når
eg skriv).
Hoppet frå versjon 4.1 til 4.2 er såpass stort at eg reknar dette for ei
høveleg tid for å endra ordvalet. Sidan det er nokså mykje nytt i denne
versjonen, har eg nytta høvet til å tilpassa språket til
rettskrivingsnormalen og rettningslinjene og såleis gjera språket meir
konsekvent. (Finn t.d. blandingar av både legge, legga, leggje og
leggja; lagra, lagre; bare, berre; bli, vert osv. i tekstane). Men mykje
står igjen. Trass alt inneheld den engelske versjonen ca. 96 000 ord som
skal omsetjast og/eller gjennomgåast. ("Bare" 4 630 ord som ikkje er
omsette akkurat nå).
I versjon 4.2 er det også innført ein del nye formlar, men omsetjinga av
desse, både nb og nn, får eg heller koma tilbake til. Kan ikkje spreia
meg på for mange ting. Andre som kan sjå på dette?
Helsing
Kolbjørn Stuestøl