Eg lurte på kva substantivet «dial» i for eksempel «tablet dial» skulle
omsetjast til, og ordboka mi var ikkje til hjelp («solskive», «urskive»,
«nummerskive» o.l.). Men svaret er «dreieknapp», så no har eg lagt det
inn i fellesordlista.
Det er altså snakk om slike runde knappar ein kan dreia, gjerne sett på
miksebord og liknande.
Alternativ kunne vera «hjul», «dreiehjul» og «dreiveskive», men det
verkar som «dreieknapp» er det vanlege ordet.
--
Karl Ove Hufthammer