Hei!
Eg har mekka saman ei lita nettside der ein kan søkja gjennom
nynorskomsetjingane av ein del fri programvare.
Mellombels adresse:
https://huftis.org/kritikk/omsetjingsdb/
Dei fleste omsetjingane er frå KDE-programma, og elles er det frå andre
program eg omset / har omsett til nynorsk.
Håpar nettsida kan vera til nytte når ein lurer på kva eit ord eller
uttrykk bør/kan omsetjast til på norsk.
--
Vennleg helsing
Karl Ove Hufthammer
God påske alle,
Eg deler litt nytt frå omsetjingar eg har drive med dei siste månadene.
- Mobilizon (https://joinmobilizon.org/en/), ei løysing for å planleggja
hendingar. Erstattar i mangt Facebook-hendingar. Stort sett ferdig omsett.
- Castopod (https://castopod.org/), ei podkastløysing. Ferdig omsett i dag!
- Peertube (https://joinpeertube.org/), for å leggja ut filmar. Eit
alternativ til Youtube. Her har eg omsett ein del, slik at lokale
nettstader kan få mesteparten av brukarflata på nynorsk.
Alle desse løysingane har koplingar til fødiverset, og eg kom borti dei
etter eg kutta ut Facebook og byrja å bruke Mastodon. Når eg har brukt
tid på desse, fører det sjølsvagt til at eg ikkje har jobba noko særleg
med Wordpress, som eg har omsett mykje av i fleire år. Eg synest
Wordpress har gapt over vel mykje dei siste åra, så eg er ikkje så
interessert lenger. Fritt fram for andre! https://translate.wordpress.org/
Beste helsing Eivind Ø.