I GIMP 2.10 kjem det eit verktøy kalla "Warp". Eg har (førebels) sett
det om med «forvrenging». Kanskje «deformering» er betre? (Ordet warp
kjenner eg elles berre frå trevare: planka «slår seg»).
Av og til kan verktøyet hente inn eller sende ut pikslar utføre biletet.
Pikslar som blir henta utføre biletet blir normalt gjennomsiktige, men
eg kan også velja å bruke
1. farge frå den næraste pikselen innføre biletet
2. farge frå motsett kant av biletet.
I valet 2 vil for eksempel ein farge som fell utføre biletet på høgre
sida, dukke opp på venstre sida.
I originalen er valet 1 kalla "Clamp" og valet 2 kalla "Loop".
Eg meiner å ha sett omsetjingar av /diskusjonar om dette «fenomenet»,
men greier ikkje å finne ut kvar. Kanskje fordi den engelske teksten har
brukt andre ord?
Håper nokon kan hjelpe.
Helsing
Kolbjørn