Eg held på med å omsetja Mozilla til nynorsk, og har no komen til
den delen som omhandlar kryptologi (SSL, kryptering, digitale
signaturar &c.). Dette er mildt sagt fælt å setja om, då det er
mykje fagterminologi ute og går. Eg har so smått begynt på ei lita
ordliste i denne samanhengen, som eg håpar eg kan få litt
tilbakemelding på. Orda merka med * anar eg ikkje korleis eg skal
setja om. Alle forslag er velkomne!
sertificate sertifikat
key nøkkel
encryption kryptering
decryption dekryptering
private key privat nøkkel
public key offentleg nøkkel
certificate authority sertifiseringsinstans
trust tillit
trusted stolt på
cipher chiffer
ciphersuite chiffersamling
revoke(d) tilbakekalla
verify stadfesta
expired utgått på dato
sign signera
signer signerar
*subject
*(Relative) Distinguished Name
*token
*token password
*step-up
*status responder
--
Karl Ove Hufthammer