Hei!
Er det nokon her som tilfeldigvis har ein fullstendig dump av
SVN-depotet til Skulelinux? Det var altså der me hadde versjonskontroll
på blant anna fellesordlista:
http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html
Adressa var developer.skolelinux.no (Subversion) og tidlegare
cvs.skolelinux.no (CVS).
Eg har ein *delvis* dump, som eg tok i 2018 (med svnrdump, trur eg), men
denne omfattar berre www-mappa. Og det viser seg at blant anna
fellesordlista opphavleg låg *utanfor* denne mappa. Den første
innmeldinga eg har for fellesordlista, er:
Date: Sun Oct 16 10:23:46 2005 +0000
Move i18n directory to directory with full site name.
Så viss ingen har ein komplett kopi av depotet, er historikken før 16.
oktober 2005 gått tapt. I e-postlista finn eg første referanse til
fellesordlista i ein e-post frå Axel Bojer i mars 2002. Han skreiv då:
Grunnlaget har vært listene som alt ligger på
i18n/skolelinux... Spesielt den danske (den er stor og informativ).,
dessuten
har jeg sett litt i «mitt dataleksikon» og synset. Hensikten med
dette er […]
--
Karl Ove Hufthammer
Har me eit godt norsk ord for «push notifications»? Her er eit eksempel
på ein tekst:
There is a 3rd party push notification service running.
Push notifications are available, but cannot be configured here.
I NAOB (deskriptiv ordbok) finn eg faktisk «pushvarsel»:
https://naob.no/ordbok/pushvarsel
Men eg likar ikkje ordet. «Push» er jo rein engelsk. Og eg meiner
generelt at «varsel» er ei feilomsetjing av «notification», sjølv om det
er mykje brukt (på bokmål). Eit «varsel» vert gjeven på førehand (jf.
dei offisielle ordbøkene
https://ordbokene.no/bm,nn/search?q=varsel&scope=ei), så det rette må
vera «varsling» (eller «signal», «melding» e.l.). (Eg har alltid brukt
«varsling» i staden for «varsel» i omsetjingane mine.)
--
Karl Ove Hufthammer
Hei!
Eg har mekka saman ei lita nettside der ein kan søkja gjennom
nynorskomsetjingane av ein del fri programvare.
Mellombels adresse:
https://huftis.org/kritikk/omsetjingsdb/
Dei fleste omsetjingane er frå KDE-programma, og elles er det frå andre
program eg omset / har omsett til nynorsk.
Håpar nettsida kan vera til nytte når ein lurer på kva eit ord eller
uttrykk bør/kan omsetjast til på norsk.
--
Vennleg helsing
Karl Ove Hufthammer
Eg held for tida på med å omsetja Lemmy til nynorsk. Lemmy er kort
forklart som Reddit, men på mange måtar betre (eks. fri programvare og
såkalla «føderert»). Sjå https://join-lemmy.org/ for meir info.
På Lemmy skriv folk ulike innlegg, og ein kan velja å sortera oversikta
over innlegg (og kommentarar på kvart innlegg) på ulike måtar:
Active
Hot
New
Old
Most Comments
Top Day
Top Week
…
Det er omsetjinga av desse sorteringsmåtane eg er usikker på, spesielt
kategorien «Hot». At noko er «hot», vil jo seia at det er «populært»
eller «in», eller kanskje til og med «ferskt». Men desse ulike
sorteringsmåtane har tekniske definisjonar, og både «active» og «hot»
viser til «populære» innlegg, dvs. innlegg med høg skår, og det same
gjer «Top»-kategoriane. Alt er detaljert forklart her:
https://join-lemmy.org/docs/users/03-votes-and-ranking.html
Ei direkteomsetjing, til «Heite» (innlegg), er sjølvsagt mogleg, men det
vert kanskje for unaturleg?
*Førebels* har eg valt «Populære». Ser dette òg vert brukt på dansk og
svensk (og tilsvarande ord er brukte på fleire andre språk).
Så akkurat no ser lista slik ut på nynorsk:
Aktive
Populære
Nye
Gamle
Flest kommentarar
Topp siste døgn
Topp siste veke
…
«Topp siste døgn» burde vel vore «På topp siste døgn», men det blir
kanskje litt langt? (Det er snakk om alternativ i eit nedtrekksfelt.) På
svensk brukar ein «Dagstoppen», og på dansk «Topp i dag» (som teknisk
sett er feil, sidan tidsgrensa ikkje følgjer datoen). I mobilappen
heiter det «Poppis idag» på svensk og «Populært i dag» på dansk.
«Topp» er jo ikkje heilt god norsk. «På topp» er betre. Eg likar
eigentleg «Populært» som omsetjing av «Top», men det vert kanskje
forvirrande når «Populære» («Hot») òg er ein kategori. Då ville ein
kanskje tru at «Populære» er populære innlegg generelt, mens dag-,
veke-, måndags- og år-variantane var tidsavgrensingar av slike innlegg.
Nokon som har synspunkt på kva sorteringsmåtane/-vektingane kan / bør /
ikkje bør heita på norsk? Eg synest ikkje det er lett å finna uttrykk
som både er naturlege og forståelege. Når det er sagt, så er jo dei
engelske namna på sorteringsmåtane òg veldig dårlege/ugjennomsiktige!
--
Karl Ove Hufthammer
I tillegg til manuell formatering bruker LibreOffice noko dei kallar
stilar for å formatere tekst. Dette gjer det enklare å formatere i alle
fall store dokument einsarta.
Frå versjon 7.6 har LibreOffice innført (i Writer) noko dei kallar
spotlight.
I sidepanelet som viser stilar, kan eg velje "Spotlight". Alle stilane
som er brukte i dokumentet blir då merkte i venstre marg i dokumentet
med ein farge og eit nummer som svarar til stilnummera i tabellen over
tilgjengelege stilar. Eg har ikkje fått tid til å prøv dette ut,
funksjonen kom for nokre få dagar sidan, men meininga er visst at dette
skal gjere redigeringa enklare i og med at du for kvar einaste linje ser
kva stil som er brukt.
Kva skal vi kalle denne funksjonen på norsk? Førebels har eg hamna på
«framheve» eller «merkja». Eg reknar med at dei fleste brukarane forstår
kva ein meiner med "spotlight", men vi skal vel prinsipielt bruke norske
ord? Spesielt i dette tilfellet sidan ordet ikkje er innarbeidd på nokon
som helst måte i denne tydinga. Eg veit ikkje om andre skriveprogram har
denne funksjonen.
Vonleg finst det i forumet ein eller annan som har eit betre forslag enn
dei eg har.
Helsing
Kolbjørn
--
Denne e-postmeldingen er sjekket av Avast-antivirus.
www.avast.com