Eg omset eit par prateprogram (à la IRC) for tida. Der kan ein diskutera
emne i ulike «kanalar» eller «rom». Viss ein brukar oppfører seg dårleg,
kan ein (administrator) gjera ei «Kick»-handling på brukaren, som
fjernar vedkommande frå kanalen/rommet.
Eg omsette meir eller mindre automatisk dette til «Spark ut». Men no
begynner eg å lura på om dette eigentleg er ein anglisisme. Me kan *kan*
jo sparka folk ut (eller «på dør») på norsk, men det er vel meir vanleg
å seia at ein «kastar» (eller «hiv») dei ut, ikkje sant?
Det er eitt ord til som eg lurar på. Når ein person er «kicked» frå ein
kanal / eit rom, kan dei komma inn igjen. Men administratoren kan
eventuelt gå meir drastisk til verks med eit «ban». Då kan ikkje
brukaren komma inn i det heile teke. Eg og andre har brukt
«bannlys»/«bannlysing» her. Men det høyrest veldig alvorleg, nesten
religiøst, ut. Er det ikkje meir naturleg og forståeleg å snakka om
«utestenging»? Kva bør i å så fall verbet i imperativ vera, «Utesteng
[brukar]» eller «Steng ut [brukar]»?
Det finst òg eit komboverb, «kickban». Her vil eg heller skriva det
heilt ut, for eksempel «Kast ut og utesteng [brukar]».
Synspunkt?
--
Karl Ove Hufthammer