No når me har skifta til Subversion, har det blitt enklare å rydda opp i
filene våre. Eg har i løpet av helga gjort mykje med KDE-filene. Det står
att å flytta dei frå «head-kde-i18n» til det enklare namnet «kde», men
elles er alt nedanfor gjennomført. (Eg er ikkje sikker på kor lurt det er
å flytta heile mappa under beina på dei som sit og omset, så det er
kanskje best å venta litt ...)
KDE-omsetjingane skal flyttast til:
/trunk/i18n/kde
Dette er KDEs trunk, som for tida inneheld både KDE 3.5 og alle andre
program som følgjer sine eigne utgjevingsplanar (t.d. kdeextragear* og
koffice). Når KDE 3.5 blir flytta til ei stabil grein i KDE, vil eg
vurdera om vår i18n/kde skal delast i to. Då vil det i så fall vera
lettare å synkronisera omsetjingane.
Hugs at malfilene til grensesnittet no ligg under templates/messages,
og ikkje rett under templates som før. Dei som brukar
kataloghandsamaren i KBabel må endra på innstillingane her. Hjelpefilene
ligg i docmessages, og ikkje lenger i messages/docs.
Eg har fjerna ein god del gamle filer som mangla malfil. Dette er filer
som anten er fjerna eller flytta i KDE. (Viss eg har fjerna for mykje, er
det ikkje så vanskeleg å rydda opp i det seinare.)
KDE 2.2.2, som låg i i18n/kde-i18n er no flytta til:
/branches/i18n/kde_2.2.2
KDE 3.3, som vert brukt i Debian Sarge, ligg no i:
/branches/i18n/kde_3.3
Det er ikkje sett opp automatisk byggjing av språkpakkar frå desse
greinene, slik me tidlegare hadde for KDE 2.2.2.
Med helsing,
Gaute Hvoslef Kvalnes