Eg ønskjer å endra stilarket for den nynorske HTML-utgåva av GIMP Help,
men GIMP-teamet ønskjer bevis på at vi bruker tankestrek som merke ved
punktlister i staden for prikken. Dessutan oppsettet av nummererte
lister, som er litt annleis enn standard HTML-oppsett. Tidlegare var det
eigne stilark for norsk og japansk, men nå er det berre norsk (nn) som
har eige stilark.
Finst det ei engelsk nettside eg kan vise til?
Kanskje det er eg som ikkje er god nok til å finne dei rette søkjeorda,
men eg fann faktisk ikkje dette på nettet.
Kolbjørn