Hei!
Er det nokon som veit om «burst mode» i fotografisamanheng har ei
etablert omsetjing til norsk, eller har forslag til ei omsetjing? Det er
altså når kameraet tek mange bilete rett etter kvarandre (for eksempel
fem bilete på eitt sekund), og er nyttig ved sportsfotografering og
andre situasjonar der ting skjer raskt.
Det er på sett og vis det motsette av intervallfotografering, der ein
tek regelmessige bilete med *lang* avstand i tid (for eksempel eitt
bilete i timen), gjerne for å laga ein tidsforkorta video.
Førebels har eg kalla «burst» for «biletsekvens», eks. «capture a
burst» → «ta ein biletsekvens». Det er eigentleg skildrande nok. Men om
det finst eit anna etablert eller betre ord, vil eg gjerne bruka det.
--
Karl Ove Hufthammer