Hei
Eg jobbar med å få i stand eit system for oppdatering av omsetjingar i
den gjeldande KDE-versjonen i skulelinux. Dette skal fungere frå og med
denne versjonen av skulelinux. KDE vil vere på versjon 3.5.5 i
skulelinux i lang tid framover, og då er det viktig å kunne oppdatere
feil og manglar i omsetjinga i denne versjonen.
Måten vi gjer det på er som følger:
All omsetjing av KDE vil framleis bli gjort på siste versjon av KDE (no
er det 3.5.8). Desse omsetjingane finn ein i skuleinuxarkivet under
trunk/i18n/kde.
Omsetjingane for den versjonen som er i skulelinux finn ein under
trunk/i18n/kde-current.
Når ein finn feil i brukargrensesnittet, så skal ein rette feilen i
siste versjon (trunk/i18n/kde). Det blir laga eit backport-script som
skal hente alle oppdateringar tilbake til kde-current. Viss strengen som
skal rettast ikkje finst lenger i siste versjon, så er ein nøydd til å
rette feilen direkte i kde-current.
Debian-edu vil så pakke nye språkpakkar for kde-i18n-3.5.5, og dei vil
bli med neste gong serverane oppdaterer sine pakkar.
Dette sikrar at feilen blir retta i skulelinux, og at feilen blir retta
i hovudarkivet til KDE.
Vedlagt ligg ein mail eg har sendt til debian-i18n for hjelp med
backport-scriptet.
Helsing Håvard