Eg har lyst til å vera med og omsetja fri mjukvare til nynorsk. Av
omsyn til vekttalskverna vil eg helst ha noko som ikkje må vera ferdig
omsett til i går. Eg ser på framdriftsplanen for omsetjing (som av ein
eller annan grunn ligg på developer.skulelinux.no i staden for
i18n.skulelinux.no (og strengt tatt er i18n prosessen med å gjera eit
program i stand til å bruka fleire språk og ulike lokale tilpassingar,
medan l10n er sjølve omsetjinga og den lokale tilpassinga (men kven
bryr seg))) at nynorske hjelpetekstar er nokså forsømde, so eg kan jo
hiva meg på her, t.d. på Konqueror eller kstars eller gperiodic eller
noko slikt. Eg har lite bandbreidde tilgjengeleg for tida, så det blir
litt vanskeleg for meg å vera 100% oppdatert på alle programma heile
tida.
--
Åsmund Skjæveland
(OpenPGP keyid 54B975CE)