Matematikk.
Ser at "Limit Inferior" og "Limir Superior" er omsett med mellom anna
"Største nedre grense" og "Minste nedre grense" i nb og nn LibreOffice.
I originalteksten finn eg også "Limit Superior Subscript Bottom"
(omsetjing: "Begrens mindreverdig underskriptbunn") og "Limit Superior
Superscript Top" (ikkje omsett til norsk. Tysk: "Limes superior mit
oberer Grenze").
Blir desse grafiske omgrepa omsette til norsk?
I tilfelle til kva?
Dette er ikkje mitt fagområde, så eg håper på hjelp.
Helsing
Kolbjørn