Gode omsetjarar,
Eg har fått invitasjon frå målungdomen om å halde ei innleiing om
omsetjingsarbeid på sumarleiren deira, i Torvikbukt i Gjemnes kommune
7.-12. juli i år. Dei skriv: "Det kan vera generelt om omsetjingsdugnad
og nynorsk. Ein kan kanskje til og med snakka om fri programvare og kva
som i det heile teke er poenget med det, og korleis det kan vera bra for
nynorsken."
Eg sjølv kan ikkje møte på dette. Dersom nokon - truleg fyrst og fremst
nynorskingar, men kanskje bokmålingar som kan prate om omsetjingarbeid
generelt òg - er interesserte i å halde ei slik innleiing, kan de ta
direkte kontakt med leiar i målungdomen, Sebastian Natvik
<sebastian(a)malungdom.no>.
Beste helsing
Eivind Ødegård