Har det engelske ordet "sparkline" noko norsk ekvivalent?
Sparkline er små diagram utan aksar og koordinat som kan setjast inn i
reknearkceller (og visstnok også i tekst) utan å endre høgda på
reknearkcella (noko nemnande).
Ser at i Wikipedia blir "sparkline" brukt både på fransk og tysk (dei
einaste for meg forståelege språka artikkelen er omsett til). Microdoft
bruker sparkline, sparkline-grafikk.
Førebels har eg brukt sparkline i omsetjinga av LibreOffice, men vil
gjerne bruke eit norsk namn om dette finst.
Helsing
Kolbjørn