Hei!
Eg har avtala med Johan Thelin, prosjektleiaren til SpeedCrunch, å omsetje
SpeedCrunch til nynorsk.
SpeedCrunch er ein Qt kalkulator, og vert installert som standard i Kubuntu.
Det eg lurer på, gjeld den typiske GPL teksten som ein finn i kjeldekodefiler,
då denne er i crunch_nn.ts-fila. Er det vanleg å omsetje denne, og finnast
det eventuelt ei standardomsetjing?
Eit anna ord som eg lurte på sånn førebels, er Mantainer; er prosjektleiar den
beste omsetjinga? Det er jo ikkje alltid det som er meint med tittelen.
Eg har også byrja såvidt på omsetjing av Konversation, då eg nyttar den ein
del sjølv og den også er ein del av standardinstallasjonen til Kubuntu.
Omsette også Yzis ein gong i tida; det vart då nemnt at .pot-fila burde inn i
skulelinux-lageret. Bør eg skaffe meg ein svn-konto kanskje? Reknar ikkje med
at eg kjem til å vere ekstremt aktiv på omsetjing.
Mvh,
Lars Ivar Igesund