Eg fekk spørsmål frå ein av utviklarane av LibreOffice. Det er
rapportert eit problem med at versjon 7.6. krasjar når ein skal opna
filer i Writer i Windows 11. Gjeld berre norsk versjon, truleg bokmål.
Versjon 7.5 og tidlegare verkar som dei skal.
Eg greier ikkje å verifisera feilen på oppsettet mitt som er Windows 11
(på to ulike datamaskiner) sett til nynorsk. Heller ikkje når eg set
Windows og LibreOffice til bokmål.
Nokon som har opplevd denne feilen?
Helsing
Kolbjørn