Hei!
Er det nokon her som tilfeldigvis har ein fullstendig dump av
SVN-depotet til Skulelinux? Det var altså der me hadde versjonskontroll
på blant anna fellesordlista:
http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html
Adressa var developer.skolelinux.no (Subversion) og tidlegare
cvs.skolelinux.no (CVS).
Eg har ein *delvis* dump, som eg tok i 2018 (med svnrdump, trur eg), men
denne omfattar berre www-mappa. Og det viser seg at blant anna
fellesordlista opphavleg låg *utanfor* denne mappa. Den første
innmeldinga eg har for fellesordlista, er:
Date: Sun Oct 16 10:23:46 2005 +0000
Move i18n directory to directory with full site name.
Så viss ingen har ein komplett kopi av depotet, er historikken før 16.
oktober 2005 gått tapt. I e-postlista finn eg første referanse til
fellesordlista i ein e-post frå Axel Bojer i mars 2002. Han skreiv då:
Grunnlaget har vært listene som alt ligger på
i18n/skolelinux... Spesielt den danske (den er stor og informativ).,
dessuten
har jeg sett litt i «mitt dataleksikon» og synset. Hensikten med
dette er […]
--
Karl Ove Hufthammer
Har me eit godt norsk ord for «push notifications»? Her er eit eksempel
på ein tekst:
There is a 3rd party push notification service running.
Push notifications are available, but cannot be configured here.
I NAOB (deskriptiv ordbok) finn eg faktisk «pushvarsel»:
https://naob.no/ordbok/pushvarsel
Men eg likar ikkje ordet. «Push» er jo rein engelsk. Og eg meiner
generelt at «varsel» er ei feilomsetjing av «notification», sjølv om det
er mykje brukt (på bokmål). Eit «varsel» vert gjeven på førehand (jf.
dei offisielle ordbøkene
https://ordbokene.no/bm,nn/search?q=varsel&scope=ei), så det rette må
vera «varsling» (eller «signal», «melding» e.l.). (Eg har alltid brukt
«varsling» i staden for «varsel» i omsetjingane mine.)
--
Karl Ove Hufthammer
Hei!
Eg har mekka saman ei lita nettside der ein kan søkja gjennom
nynorskomsetjingane av ein del fri programvare.
Mellombels adresse:
https://huftis.org/kritikk/omsetjingsdb/
Dei fleste omsetjingane er frå KDE-programma, og elles er det frå andre
program eg omset / har omsett til nynorsk.
Håpar nettsida kan vera til nytte når ein lurer på kva eit ord eller
uttrykk bør/kan omsetjast til på norsk.
--
Vennleg helsing
Karl Ove Hufthammer