16:11 <ilmari> dagens oversettelse: hook -> hake
16:15 <kjetilho> hmm. kva samanheng?
16:16 <ilmari> «svn: DAV-forespørsel feilet. Det er mulig at
haken til depotets pre-revprop-change enten
feilet eller ikke finnes»
eg er einig med ilmari i at "hake" er litt unaturleg her, det er ganske
sjeldan brukt på eiga hand, det vert helst brukt i samansetjingar som
"båtshake" og "entrehake".
det gjev meg uansett feil konnotasjonar. du hukar ikkje tak i noko og
halar det inn når du legg inn ein "hook".
derfor foreslår eg "hekte", som kan brukast både som substantiv og verb.
ei hekte kan ein feste ting i, og ein kan hekte fast ting til noko
større. heilt rått kan det likevel ikkje setjast inn i omsetjinga over,
det må verte noko slikt som "hekterutinen".
finnest det ei anna etablert omsetjing av "hook", vil eg gjerne høyre om
det. inn i Fellesordlista bør det IMHO uansett.
--
med venleg helsing,
Kjetil T.