Noen som veit/hugsar kva kommandoord som er brukte på norsk (nb, nn) i
programmeringsspråket Logo?
LibreOffice inneheld ei enkel utgåve av Logo kalla LibreLogo. Dei fleste
kommandoane er omsette, men ikkje alle.
I den norske omsetjinga (nn) held eg på å legga inn både engelske og
norske kommandonamn, men får ikkje sjå om det verkar før ved neste
oppdatering. I tilfelle kan brukarane velja det eine eller det andre,
eller ei blanding.
Det er ikkje meininga å byrja ein diskusjon om programmering bør lærast
med engelske eller norske kommandonamn, bare kva kommandoane bør heite
på norsk.
Noen kommandoar som ikkje er omsette (Kvar linje er same kommandoen, men
med ulike namn).
PENJOINT / LINEJOINT (Samankoplinga av linjer. Moglege val: "rounded"
("avrunda"), "miter" ("skarp"), "bevel" ("skråkant") og "none"
("ingen"). Gjeldande norsk omsetjing i parentes).
FONTCOLOR / TEXTCOLOR / TEXTCLOUR
FONTSIZE / TEXTSIZE / TEXTHEIGHT
UPRIGHT / NORMAL
CLEARSCREEN /cs
HIDETURTLE /ht / HIDEME (vis skjelpadda)
SHOWTURTLE /st / SHOWME (gøym skjelpadda)
POSITION / POS / SETPOS
HEADING / SETHEADING / SETH (Set retninga skjelpadda skal peike mot)
PICTURE / PIC
REPCOUNT (Teljar i for- og whileløkker)
INT (for integer, heiltal)
SQRT (for square root, kvadratrot)
TUPLE (konvertering til Python tuple (ei form for liste som ikkje kan
forandrast))
SUB (for substitute, byte ut)
FINDALL
MAX
IN / \" (for inch, tomme)
GRAY / GREY (fargen grå)
Sjølv om omsetjinga av noen av kommandoane ser innlysande ut, kjem eg
ikkje med forslag i denne omgangen.
*Logo*:
Programmeringa i Logo gjekk i utgangspunktet ut på å flytte ei
«skjelpadde» rundt på golvet eller skjermen med ulike kommandoar. Difor
er språket også kalla skjelpaddegrafikk ("turtle graphics"). Det er
seinare utvida med andre funksjonar, men er framleis svært enkelt. Blei
utvikla for å brukast i den første innføringa i programmering.
Kolbjørn Stuestøl