Torsdag 31. juli 2008 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Eg har no forbetra skriptet eg brukar til oppslag i ordbanken til hjelp ved omsetting. Det er ikkje alltid lett å veta korleis ord skal bøyast, spesielt sidan me må bruka full samsvarsbøying.
Men no er det enklare! Ordbanklistene ligg no i SVN, under «i18n/ordbanken». Eg har òg lagt inn det omtalte skriptet, sterkt forbetra, på «i18n/skript/ordbanken.sh». Syntaksen er litt endra. No må me skriva:
./ordbanken.sh språkkode grunnord kriterium1 kriterium2 …
(opptil 7 kriterium/kodar)
Eksempel:
./ordbanken.sh nn lese ./ordbanken.sh nn lese perf ./ordbanken.sh nb hoppe subst fl ./ordbanken.sh nb over prep
I tillegg til å fungera meir korrekt, tar no skriptet og fargelegg enkelt ordkodar. Hankjønn vert blå, hokjønn rosa, inkjekjønn gule og fellesforma hankjønn/hokjønn grøn. Sjå eksempel på dei tre første:
./ordbanken.sh nn annan
Skriptet filtrer vekk alle unormerte ord og alle klammeformer. På bokmål finst det som kjent ikkje klammeformer lenger (dei har blitt hovudformer), men ordbanken inneheld likevel informasjon om det som før var klammeformer. Desse vert som standard filtrerte vekk. Viss bokmålsomsettarane heller vil sjå dei, er det berre å endra skriptet. Då vert for øvrig klammeformene viste i raudt.
For øvrig fungerer skriptet same kva mappe det vert køyrt frå. Sidan heile skriptnamnet og språkkoden er langt å skriva, vil eg anbefala dykk å laga eit alias med den språkkoden de brukar mest. Sjølv har eg:
alias ord="~/utvikling/skolelinux/i18n/skript/ordbanken.sh nn $*"
No treng eg berre skriva
ord forum
i Yakuake eller ein annan terminalemulator for å sjå korleis «forum» skal bøyast. Dette fungerer sjølvsagt òg med vidare filtrering på ordkodar.
Eventuelle feil eller forslag til forbetringar kan meldast til meg, eller her til lista.