Landet Belarus har i dag skifta offisielt namn på norsk, frå Kviterussland/Hviterussland til Belarus:
https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/hviterussland-blir-til-belarus/id29163... https://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/hva-skjer/Aktuelt-ord/kviterussland/
Dette er berre eit tips om å oppdatera omsettingane dykkar med det nye namnet. Eg har gjort det for dei som eg er ansvarleg for (+ i bokmålsomsettinga av KDE-programma).
Det kan òg vera tekstar som inneheld ordet kviterussisk(e)/hviterussisk(e), som namn på språket eller som anna adjektiv (eks. «kviterussiske rublar»). Språkrådet har ikkje komme med ei tilråding her, men det ser ut til at belarusisk(e) (merk: med enkelt-s) er brukt. Reknar derfor òg med at det vert tilrådinga frå Språkrådet, så eg har alt tatt det i bruk i omsettingane.