Problemet er vel eigentleg å vite kven det er som vil slå opp i handboka for å finne hjelp om programmering eller innspeling av makroar. Vil IDE i tilfelle vere meir forståeleg for han/ho enn "integrert utviklingsmiljø"? Eller kanskje begge er like uforståelege?
"Utviklingsmiljø" er brukt i bokmålsomsetjinga. Dansk og svensk bruker IDE her.
Helsing Kolbjørn Stuestøl
Den 15.02.2013 09:37, skreiv Lars Ivar Igesund:
Om ein skal omsetje IDE, så er [integrert] utviklingsmiljø etter mi meining det absolutt mest korrekte (og forøvrig eit ord eg kunne ha funne på å bruke i det daglege). Programmering er veldig snevert i forhold til kva som faktisk foregår i mange IDE'ar, ref "integrering".
Mvh, Lars Ivar Igesund Utvikler/Programmerer
2013/2/15 Petter Reinholdtsen <pere@hungry.com mailto:pere@hungry.com>
[Kolbjørn Stuestøl] > Sjølv om det vel eigentleg ikkje er eit programnamn, oppfattar eg IDE > nesten slik. Forkorting for"Integrated Development Environment". Bør > det likevel omsetjast til «utviklingsmiljøet for Basic» eller noe > liknande? Aner ikke om det bør oversettes, men jeg oversetter oftest IDE til programmeringsomgivelse, ikke utviklingsmiljøet. Kanskje noe å vurdere? -- Vennlig hilsen Petter Reinholdtsen