(Det var ikkje meininga å senda deg tre kopiar, Sigmund, men det var så mange forsøk det tok å få skrive rett adresse til i18n-no@ ...)
Torsdag 5. august 2004 10:39 skreiv S. Gudvangen:
Hei,
På http://i18n.kde.org/teams/no_NY/ordliste.html etterlyser du kommentarar. Eg har fyljande to kommentarar
Takk for det, sjølv om ordlista i grunnen er gammal og skulle ha vore fjerna. I dag føregår arbeidet på i18n.skulelinux.no og e-postlistene der. Eg sender kopi av denne meldinga til i18n-no@lister.ping.uio.no.
Sjå òg fellesordlista til Skulelinux. Den er rett nok på bokmål, men er eit nyttig verktøy for nynorskomsetjarane likevel.
http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html
- "cache" er omsett med "mellomlager". Kansje "snøgglager", eller
"snøggbuffer" og kunne nyttast, ettersom "cache" ofte vert nytta for å finna att ting raskare
Sant det, men «mellomlager» er jo heller ikkje heilt dumt. Så vidt eg veit er begge i bruk, og det er i grunnen unødvendig.
- "embedded" er omsett med "inkludert". I samband med maskinvare
vert "embedded" som oftast omsett med "innbaka"; "embedded systems" vert då til "innbaka system".
«Innebygd» har me landa på i Skulelinux.
Eg er i ferd med å laga ei kort innføring for nye Linuxbrukarar på nynorsk, http://www.gudvangen.net/linux.php, og tek gjerne mot kommentarar, både språklige og tekniske.
Den norske utgåva får ikkje eg til å fungera. Ikkje meir enn framsida på den engelske, heller. Berre masse php-feil.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes