Torsdag 5. januar 2006 15:25 skreiv Petter Reinholdtsen:
Det er eit særnamn frå USA, men særnamn heiter ofte andre ting på norsk. Det er for eksempel feil å ta inn ord som France, Pacific Ocean og ?????? i ordboka. På norske heiter dette Frankrike, Stillehavet og Beijing. Dei er like fullt særnamn.
Ingen av eksemplene er navn på ting fra USA, men navn der Norge har hatt direkte kontakt utenom USA.
Om særnamn kjem frå USA eller frå andre plassar er då revnande likegyldig (med unntak av at ord skriven med det latinske alfabetet kan brukast direkte på norsk, utan transkribering).
Navn på byer og personer i USA, f.eks. San Francisco, Los Angeles, Bush og Moore, blir ikke oversatt.
Mens for eksempel
Appalachane Sacramentoelva Marshalløyane Niagarafossen Nord-Dakota og ikkje minst Det kvite huset
*blir* omsett til norsk (nokre av desse er òg lovlige med engelsk skrivemåte).
Men alt dette er irrelevant. Det viktige er at på norsk er Internett/Internettet einaste korrekte former for orda, mens Internet/Internetet ikkje er det, og har ingenting i ein stavekontroll å gjera.
Ja, det har du rett i. Men då er det snakk om bestemt form av ordet «internett», med bøying som «nett» (og som *bør* vera med i ordboka).
Ja, det var det ordet jeg håper jeg la inn. Hvis det ikke var det som skjedde, så vil jeg gjerne opplyses om hvordan jeg skulle lagt det inn.
Skulle du ikkje lagt inn ordet «internett», med dei fire bøyingane, og ikkje enkeltordet «internettet»?
Eg har ikkje peiling på korleis dette skal gjerast, då dette stavekontrollprosjektet ikkje interesserer meg serlig.