Det fabelaktige KDE-programmet BasKet kjem snart ut ein ny versjon; sjå "http://basket.kde.org/". I samband med dette hadde det vore fint å fått programmet omsett til bokmål. Er det nokon her som er interessert i dette?
BasKet er allereie fullstendig omsett til nynorsk. Det vil derfor vera både tid- og arbeidssparande å ta utgangspunkt i denne omsettinga (i tillegg vil det gje betre kvalitet, då omsettinga vert gjennomgått to gongar, og det vil sikra einskaplig terminologi).
Det er 628 tekstar å setta om, dei fleste korte, men òg nokre relativt lange (BasKet har eit imponerandes sett hjelpetekstar innebygd, som for éin gongs skyld faktisk er *hjelpsame*).
Fila som skal settast om finn de på http://www.huftis.org/skulelinux/basket-nb.po
Nynorsktekstane er sett inn, men er alle markerte som «uklare». (Brukar de KBabel, vert «uklar»-merket automatisk fjerna når tekstane vert endra/ omsette.)
Éin liten ting: Av og til er punktsettinga (spesielt punktum eller ikkje på slutten av tekstar) forskjellige på norsk og engelsk. Dette er med vilje, og bør bevarast i bokmålsomsettina. Det er gjort for at verktøytipsa skal vera heile setningar som sluttar med punktum (jf. retningslinjene).
Sei ifrå her på lista om du er interessert i å setta om, og sett so igang. Den ferdige fila kan du senda til meg; eg har skrivetilgang til BasKet-SVN-en.