Petter Reinholdtsen skreiv 25.02.2021 10:42:
Nynorskutgaven av Debian Installer kunne trenge litt kjærlighet. Bokmålsutgaven er 100% komplett.
<URL: https://hosted.weblate.org/languages/nn/debian-installer/ >
Kanskje den kan oppdateres automatisk med Apertium?
Eg held for tida på med så mange andre prosjekt med omsetjing av fri programvare til nynorsk at eg dessverre ikkje har tid til dette (og eg brukar heller ikkje Debian), men la meg svara kort på sjølve spørsmålet. Ja, det er ein veldig god idé å bruka Apertium til «grovomsetjing». Men ein nynorskkunnig person *må* gå *nøye* gjennom omsetjinga etterpå.
Eg har for fleire år sidan brukt Apertium til automatisk grovomsetjing av tekstar i KDE-programma til nynorsk. Då brukte eg verktøyet Pology, som har innebygd støtte for omsetjing av .po-filer via Apertium. Pology handterer òg plasshaldarar (som %s og %1), HTML-taggar og andre tekniske detaljar ved omsetjinga.
Denne grovomsetjinga var til god hjelp og sparte tid. Men dei fleste av tekstane trengte likevel nokre manuelle justeringar. Og nokre var heil feil. Eg brukar ikkje Apertium til dette lenger, men det er hovudsakleg fordi nynorskomsetjinga no har gått forbi bokmålomsetjinga. :)
Når det er sagt, er òg Apertium blitt *veldig mykje betre* dei siste åra. Det er Apertium som er den såkalla nynorskroboten til Nynorsk pressekontor. Der har journalistar dagleg dei siste åra lagt inn forbetringar. Det står ein (litt gammal) artikkel om roboten på side 16 og utover her: https://www.nm.no/app/uploads/2020/03/nt-02-19.pdf
No skal roboten visstnok omsetja 95–100 prosent. Men merk at det er nokre moment som gjer at han kanskje vil fungera litt dårlegare for omsetjing av dataprogram enn han gjer for vanlege tekstar. Setningar som dukkar opp i dataprogram, skil seg gjerne litt frå dei i vanlege tekstar. Blant anna er det mykje meir imperativsetningar. Og då kan omsetjingsprogram lett tolka orda feil og for eksempel blanda homograf som har ulike ordklassar. (Kjem ikkje på noko *godt* eksempel i farten, men tenk på ordet «sett», som kan vera både imperativ av verbet «å sette», ubunden form eintal eller fleirtal av substantivet «sett» og perfektum partisipp av verbet «å se».)