Laurdag 11. mai 2002 00:28 skreiv Lars Nestås Mathisen:
Hei Gaute! Eg har no gått igjennom koncd.po fila ein del gonger. No treng eg litt hjelp :) Eg kjenner ikkje heilt rutinane dykkar. I alle fall hadde eg sett stor pris på om du evt. nokon andre kunne sjå litt på det eg har gjort, og gje meg nokre tilbakemeldingar på kva som er bra (håpar eg har gjort noko rett :)), og kva som er mindre bra.
Me skulle gjerne hatt rutinar for systematisk språkvask og slikt, men det er det så som så med. Bokmålsfolket er flinkast på det feltet.
Sjølv kjenner eg at eg slit litt med ein del av omsetjingane. Døme kjem her:
"Writes the CD in disc-at-once mode." har omsett til "CD-skrivaren skriv «heile plata på ein gong»."
"Don't fixate the disc." har eg omsett til "Fikser ikkje disken."
Det kan lesast feil ;-) Kva med «Skriv utan fiksering»?
"Enable Joliet extensions" har eg omsett til "Slå på Joliet-utvidinga" (denne kjendes ikkje god ut)
Tja, ikkje heilt dum heller.
"Bootable CD" har omsett til "Oppstarteleg CD"
Vanskeleg, kjem ikkje på noko betre nett no.
"Multisession CD" har eg omsett (etter til leiting i postlistearkivet) til "Øktdelt CD"
Fint. (Viss det finst brenneprogram som verkeleg støttar dette, må eg byta med ein gong ;-)
"Enable Burn-Proof" til "Aktiver trygg skriving"
«Burn-Proof» bør truleg ikkje omsetjast, det er eit særnamn. Eg har ein brennar med Burn-Proof, men ville nok ikkje skjønt kva det handla om.
«Enable» bør elles setjast om til det same ordet overalt. Eg har fått kommentarar på at «aktiver» (og ikkje minst «deaktiver») ikkje er så veldig bra norsk. I nokre tilfelle trur eg ordet kan strykast heilt, spesielt når det er snakk om av/på-knappar i ein dialogboks:
Ikkje ... [ ] Enable Joliet extensions [ ] Enable Burn-Proof [ ] Enable random chrashes
... men: [ ] Joliet extensions [ ] Burn-Proof [ ] Random chrashes
Men det er kanskje vel så mykje eit stilval i originalteksten. Er det nokon som veit korleis «profesjonelle» program vanlegvis gjer?
"Overburn" til "Brenn over" (etter dansk og svensk mal... ) ?? veldig fuzzy :)
Du har brukt «skriv» andre stader, har du ikkje? Men «skriv over» er i grunnen noko anna ... Kva med
+nokre som eg sikkert har gløymd
Skal KOnCD omsettjast til Koncd evt. KonCD eller noko anna??
Det er eit grusomt namn, men eg har stort sett brukt å la omsetjinga vera like håplaus ;-)
Eg er ikkje van med (har ikkje sett) cd-brenne program på norsk.Så eg er litt usikker på om eg har oppfatta meininga i alle strengane rett.
Mvh Lars
PS! Ser at de opererar med rettleiarar på vevsidene. Er du min rettleiar, eller er det andre eg heller skal *masa* på ? ;)
Slike spørsmål passar i grunnen godt på i18n-no. Eg sender kopi av denne e-posten dit.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes