Laurdag 11. mai 2002 00:28 skreiv Lars Nestås Mathisen:
Hei Gaute! Eg har no gått igjennom koncd.po fila ein del gonger. No treng eg litt hjelp :) Eg kjenner ikkje heilt rutinane dykkar. I alle fall hadde eg sett stor pris på om du evt. nokon andre kunne sjå litt på det eg har gjort, og gje meg nokre tilbakemeldingar på kva som er bra (håpar eg har gjort noko rett :)), og kva som er mindre bra.
Me skulle gjerne hatt rutinar for systematisk språkvask og slikt, men det er det så som så med. Bokmålsfolket er flinkast på det feltet.
Sjølv kjenner eg at eg slit litt med ein del av omsetjingane. Døme kjem her:
"Writes the CD in disc-at-once mode." har omsett til "CD-skrivaren skriv «heile plata på ein gong»."
"Don't fixate the disc." har eg omsett til "Fikser ikkje disken."
Det kan lesast feil ;-) Kva med «Skriv utan fiksering»?
"Enable Joliet extensions" har eg omsett til "Slå på Joliet-utvidinga" (denne kjendes ikkje god ut)
Tja, ikkje heilt dum heller.
"Bootable CD" har omsett til "Oppstarteleg CD"
Vanskeleg, kjem ikkje på noko betre nett no.
"Multisession CD" har eg omsett (etter til leiting i postlistearkivet) til "Øktdelt CD"
Fint. (Viss det finst brenneprogram som verkeleg støttar dette, må eg byta med ein gong ;-)
"Enable Burn-Proof" til "Aktiver trygg skriving"
«Burn-Proof» bør truleg ikkje omsetjast, det er eit særnamn. Eg har ein brennar med Burn-Proof, men ville nok ikkje skjønt kva det handla om.
«Enable» bør elles setjast om til det same ordet overalt. Eg har fått kommentarar på at «aktiver» (og ikkje minst «deaktiver») ikkje er så veldig bra norsk. I nokre tilfelle trur eg ordet kan strykast heilt, spesielt når det er snakk om av/på-knappar i ein dialogboks:
Ikkje ... [ ] Enable Joliet extensions [ ] Enable Burn-Proof [ ] Enable random chrashes
... men: [ ] Joliet extensions [ ] Burn-Proof [ ] Random chrashes
Men det er kanskje vel så mykje eit stilval i originalteksten. Er det nokon som veit korleis «profesjonelle» program vanlegvis gjer?
"Overburn" til "Brenn over" (etter dansk og svensk mal... ) ?? veldig fuzzy :)
Du har brukt «skriv» andre stader, har du ikkje? Men «skriv over» er i grunnen noko anna ... Kva med
+nokre som eg sikkert har gløymd
Skal KOnCD omsettjast til Koncd evt. KonCD eller noko anna??
Det er eit grusomt namn, men eg har stort sett brukt å la omsetjinga vera like håplaus ;-)
Eg er ikkje van med (har ikkje sett) cd-brenne program på norsk.Så eg er litt usikker på om eg har oppfatta meininga i alle strengane rett.
Mvh Lars
PS! Ser at de opererar med rettleiarar på vevsidene. Er du min rettleiar, eller er det andre eg heller skal *masa* på ? ;)
Slike spørsmål passar i grunnen godt på i18n-no. Eg sender kopi av denne e-posten dit.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
søn, 2002-05-12 kl. 14:28 skreiv Petter Reinholdtsen:
Jeg bruker 'bootbar CD' i min dagligtale. Jeg synes 'Oppstarteleg CD' høres knotete ut.
Eg er veldig einig i at «Oppstarteleg CD» ikkje høyrest bra ut. Og i mangel på andre gode forslag er eg heilt med på å bytta til «bootbar CD».
Kva vert då «Boot-Image»? «Boot-bilete» eller «bootbar bilete»
Lars N. Mathisen
_________________________________________________________ Do You Yahoo!? Get your free @yahoo.com address at http://mail.yahoo.com
Lars Nestås Mathisen larsmathi@yahoo.no wrote in news:1021217517.5594.33.camel@gjernesmoen:
Eg er veldig einig i at «Oppstarteleg CD» ikkje høyrest bra ut. Og i mangel på andre gode forslag er eg heilt med på å bytta til «bootbar CD».
Ordboka mi seier 'oppstartbar'. Og det er vel greitt?
Og Lars, bytt helst til 'ISO-8859-1'.
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com writes:
Laurdag 11. mai 2002 00:28 skreiv Lars Nestås Mathisen:
"Bootable CD" har omsett til "Oppstarteleg CD"
Vanskeleg, kjem ikkje på noko betre nett no.
"Lag oppstartscd" om det passar i samanhengen.
("cd" eller "CD"? eg meiner fyrstnemnte.)
"Enable Burn-Proof" til "Aktiver trygg skriving"
«Burn-Proof» bør truleg ikkje omsetjast, det er eit særnamn. Eg har ein brennar med Burn-Proof, men ville nok ikkje skjønt kva det handla om.
eg har ein NEC der dette heiter "Just link", så eg synest det kan ha noko for seg å omsetje. kompromiss:
"Bruk trygg skriving (Burn-Proof)"
"Overburn" til "Brenn over" (etter dansk og svensk mal... ) ?? veldig fuzzy :)
Du har brukt «skriv» andre stader, har du ikkje? Men «skriv over» er i grunnen noko anna ... Kva med
nei, _noko_ må vi omsetje det med ;-)
eg synest "overburn" er eit dårleg ord. kven forstår kva det tyder? det er altså å skrive meir på plata enn ho er laga for. det er litt freistande å bruke "overdrive" :-), men "over grensa" er mindre utsett for feillesing.
Kjetil T.
Måndag 13. mai 2002 02:49 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com writes:
Laurdag 11. mai 2002 00:28 skreiv Lars Nestås Mathisen:
"Bootable CD" har omsett til "Oppstarteleg CD"
Vanskeleg, kjem ikkje på noko betre nett no.
"Lag oppstartscd" om det passar i samanhengen.
Det høyrest i grunnen veldig bra ut.
("cd" eller "CD"? eg meiner fyrstnemnte.)
Eg ville nok gått for «CD», men skrivemåten er visst valfri. Uansett ville eg hatt med ein bindestrek.
"Enable Burn-Proof" til "Aktiver trygg skriving"
«Burn-Proof» bør truleg ikkje omsetjast, det er eit særnamn. Eg har ein brennar med Burn-Proof, men ville nok ikkje skjønt kva det handla om.
eg har ein NEC der dette heiter "Just link", så eg synest det kan ha noko for seg å omsetje. kompromiss:
"Bruk trygg skriving (Burn-Proof)"
Ja, det forklarar i grunnen nokså godt.
"Overburn" til "Brenn over" (etter dansk og svensk mal... ) ?? veldig fuzzy :)
Du har brukt «skriv» andre stader, har du ikkje? Men «skriv over» er i grunnen noko anna ... Kva med
nei, _noko_ må vi omsetje det med ;-)
Hmm, ja ;-) Eg hadde tenkt å føreslå noko med grense eller kapasitet, eg og.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com wrote in news:200205132157.05388.gaute@verdsveven.com:
("cd" eller "CD"? eg meiner fyrstnemnte.)
Eg ville nok gått for «CD», men skrivemåten er visst valfri.
Mi stemme går til «CD».
Uansett ville eg hatt med ein bindestrek.
Det *skal* vera bindestrek.
man, 2002-05-13 kl. 22:28 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Mi stemme går til «CD».
Uansett ville eg hatt med ein bindestrek.
Det *skal* vera bindestrek.
Vert dette riktig?
«This is for bootable CDs. You need to select a bootimage file!» vert då: «Dette gjeld for oppstarts-CD. Du må velja ei oppstartbar biletfil.»
«oppstarts-CD-ar» såg ltt rart ut? eller ...
Så til «Overburn» Går det med : «Skriv over grensa» eller «Gå over CD-en sin kapasitet»
mvh Lars Nestås Mathisen
_________________________________________________________ Do You Yahoo!? Get your free @yahoo.com address at http://mail.yahoo.com
Lars Nestås Mathisen larsmathi@yahoo.no wrote in news:1021322227.4823.16.camel@gjernesmoen:
«This is for bootable CDs. You need to select a bootimage file!» vert då: «Dette gjeld for oppstarts-CD. Du må velja ei oppstartbar biletfil.»
Eg meinar det er riktig. Alternativt kan du bruka «oppstartbar CD».
Så til «Overburn» Går det med : «Skriv over grensa»
Ja.
("cd" eller "CD"? eg meiner fyrstnemnte.)
Eg og lurte litt på dette. I kscd.po har ein nytta CD. På språkrådet sine sider om samsvarsbøying fann eg desse døma http://www.sprakrad.no/samsvar.htm
«CD-en blei kjøpt på sal.» og «CD-ane blei kjøpte i går.»
Difor vart det CD og CD-en
mvh Lars Nestås Mathisen
_________________________________________________________ Do You Yahoo!? Get your free @yahoo.com address at http://mail.yahoo.com
Laurdag 11. mai 2002 16:24 skreiv Gaute Hvoslef Kvalnes:
«Enable» bør elles setjast om til det same ordet overalt. Eg har fått kommentarar på at «aktiver» (og ikkje minst «deaktiver») ikkje er så veldig bra norsk. I nokre tilfelle trur eg ordet kan strykast heilt, spesielt når det er snakk om av/på-knappar i ein dialogboks:
Ikkje ... [ ] Enable Joliet extensions [ ] Enable Burn-Proof [ ] Enable random chrashes
... men: [ ] Joliet extensions [ ] Burn-Proof [ ] Random chrashes
Men det er kanskje vel så mykje eit stilval i originalteksten. Er det nokon som veit korleis «profesjonelle» program vanlegvis gjer?
KDE Usability Project har nett kome med nokre forbetringsforslag som mellom anna illustrerer dette poenget bra. Sjå spesielt forslag nummer 2 på <URL: http://www.realityx.net/kde/usability/kicker/ >. (Bileta til venstre viser KDE i dag, medan dei til høgre viser den forbetra utgåva.)
Nettsidene til KDE Usability Project ligg på <URL: http://usability.kde.org/ >
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes