ty. den 17. 01. 2012 klokka 23.11 (+0100) skreiv Kjetil Kilhavn:
Karl Ove satte navnet tilbake til Knights etter at jeg oversatte Knights til Springere i bokmålsutgaven, men etter å ha lest «README.translation» tar jeg sjansen på å trosse Karl Ove og oversatte det igjen siden utvikleren regner med det oversettes til brikkenavnet (i flertall) i det enkelte språk.
Ja, då er det greitt.
For nynorsk oversettelse av Knights har jeg lagt ved .po-filene i et tgz-arkiv, og for de andre endringene har jeg lagt ved det som kom ut av poediff --vcs=svn. Det er første gang jeg har brukt poediff, så jeg håper det ikke var andre brytere/innstillinger jeg skulle ha brukt også.
Nei, det ser bra ut. Tusen takk for bidraget. Ny versjon av Knights vart visst gitt ut i går, men omsettingane vert iallfall med i neste versjon.
Jeg klarte ikke å finne ut om det finnes en politikk for valg mellom -as/-ast (brukas/brukast, visas/visast), så en aldri så liten gjennomgang av noen som har nynorsk som sitt hovedmål er nok ikke dumt.
Det finst ein indirekte politikk. :) Me brukar læreboknormalen, og der er ikkje -as lov. Det skal altså vera -ast alle plassar.
Me har for øvrig ein automatisk sjekk av klammeformer og mange andre feil og manglar i nynorskomsettingane (automatisk korrekturlesing). Bruk «posieve check-rules». posieve-programmet finn du same plass som poediff (kde4/summit/pology/bin).
Det kan vera greitt å definera eit alias for kommandoen og dei aktuelle kommandolinjevala. Eksempel:
alias sjekk='posieve --skip-obsolete check-rules -slang:nn -slokalize'
(-slang:nn er berre nødvendig for filer som ikkje har Language-variabelen definert. Filene dine mangla det, men dei vert automatisk lagt til når eg kjører oppdatering av alle omsettingsfilene.)
No treng berre skriva «sjekk» eller «sjekk fil.po» for å sjekka omsettingsfilene. Viss du har starta Lokalize, vert alle filene med feil automatisk opna, og tekstane som har feil vert viste (dei andre vert filtrerte ut). Då kan du raskt gå gjennom og retta opp.
Fint om du no kan gjera det på dei to filene du sendte (kjør «svn up» først, då eg har oppdatert dei med nyaste malfiler). Det skal vera 20 «feil».
Merk at nokre av «feila» kan vera falske positive. Det er ofte engelske namn på personar som ser ut klammeformer av nynorske verb. :) Då legg du til ein «skip-rule: namn-på-regel» som kommentar til den aktuelle teksten (du kan gjera dette direkte i Lokalize). «posieve check-rules» vil då hoppa over han neste gong.
På (relativt lang) sikt har me planar om å senda daglige, automatisk genererte lister over språkfeil til i18n-nn-lista, tilsvarande dei automatisk rapportane om tekniske feil som me sender no. Men då må først alle manglane i filene som alt finst vera retta opp.
Har du forslag til nye korrekturlesingsreglar, kan du senda dei til meg. Du finn oversikt over dei eksisterande reglane på http://websvn.kde.org/trunk/l10n-support/pology/lang/nn/rules/ Me kan laga til ganske avanserte reglar (og om du kan Python-programmering, vilkårlig avanserte …).