----- Original Message ----- From: Herman Robak hermanr@student.matnat.uio.no To: linuxiskolen@skolelinux.no Cc: i18n-no@lister.ping.uio.no Sent: Monday, February 11, 2002 11:47 AM Subject: Hvilken lisens er våre oversettelser underlagt? GPL?
Opera er på vei inn i vår CVS, og samisk-oversettelsen av
Konqueror kan bli brukt som basis for en eventuell samisk oversettelse av Opera.
Kva du meiner med "Opera er på vei inn i vår CVS" veit eg ikkje, men den samiske biten veit eg noko om.
For eit år sidan ++ lurte folk i Opera på om eg + kameratar ville omsetje Opera-nettlesaren til samisk. Det hadde eg lyst til å vere med på, men vi hadde ikkje tid (og eg hadde heller ikkje nok samisk-kunnskap til å vere anna enn ein medlem i eit større omsetjarlag), så eg sa dette i frå meg. Det arbeidet har dermed lege nede, så vidt eg veit. Så las dei i Opera pressemeldinga om at "Konqueror ligg føre på samisk", og spurte om eg visste noko om dette. Eg fortalde at det eksisterte ei open liste med diskusjonar. Anne Hilde Vestre melde seg deretter (eller det kan godt hede at det var uavhengig av brevet mitt) seg på i18n-sme-lista. I eit brev direkte til dei peikte eg på at det på sidene våre låg ei liste over generelle datatermar på ulike språk, m.a. samisk. Eg sa at sjølv om dei omsette versjonane av Linux-programma (som og ligg ute) i seg sjølv ikkje er så relevant for Opera, så er terminologien på dei generelle listene jo like relevant for oss alle, og eventuelle bidrag til å arbeide fram ein samisk dataterminologi frå hennar side t.d. kunne ta form av å kome med framlegg til å fylle ut den lista (for så vidt og med norske eller engelske termar). Sett frå eit samisk synspunkt er det slett ikkje for mange personar som driv med samisk lokalisering, og eg såg dermed med stor glede på Anne Hilde Vestre sitt initiativ på lista.
Jeg er redd for at Opera Software kan ha problemer med å
la oversettelsene sine underkastes GPL. Enhver annen fri/åpen lisens vil være helt grei. GPL krever stort sett at alle avledede arbeider skal lisensieres under GPL, og et slikt diktat får potensielt store konsekvenser.
Det blir litt skummelt for de som driver butikk... Noen synspunkter?
Synspunktet mitt er altså at så lenge mitt program er mitt og ditt program er ditt (modulo kjeldekodepolitikk, som i vårt men ikkje Opera sitt tilfelle vel seier at mitt program er alle sitt, ikkje mitt, men heller ikkje ditt), så er arbeid knytt til dei terminologiske sidene ved omsetjingsarbeid fri og ope for alle, og bør etter mitt syn og vere det. Vi bør ha same term i Opera, Konqueror, Netscape, whatever. For å få til det må vi publisere lokaliseringsfilene våre, og diskutere dei i opne fora. Til og med Microsoft legg ut lokaliseringsfilene sine ope på nettet. At vårt arbeid med Konqueror kan fungere som basis for andre samiske nettlesarar, og for andre samiske dataprogram i det heile, ser eg berre positivt på, av fleire grunnar: For det første fremjer det terminologiarbeidet: naboen finn ikkje opp eit nytt og annleis hjul, og for det andre gjer det den lange vegen fram mot samisk programvare mykje kortare. Det same gjeld for så vidt dei andre språkversjonane og.
Men det med at Opera (programmet?) er på veg inn i CVS-en til skolelinux ei anna sak. Her veit eg mindre om kva som skjer og korfor, så det vel eg å ikkje kommentere i denne omgang.
Trond.