Hei!
Eg har no lagt til ein ny og forhåpentlegvis nyttig regel i korrekturlesingsskriptet vårt. Han finn alle ord som er gyldige i bokmål men ikkje i nynorsk, dvs. som står i Bokmålsordboka men ikkje i Nynorskordboka.
Dette er spesielt nyttig for bøyingar, altså der same grunnord finst på både bokmål og nynorsk, men der dei har ulik bøying (eks. -ar på nynorsk -er på bokmål). Det hender ein vert overraska over kva ord som er hankjønnsord på nynorsk … :)
Det er òg nyttig for ord ein ikkje er klar over ikkje finst på nynorsk (eks. «øvrig» i «for øvrig» – på nynorsk må du skriva noko anna).
Ein kan lett komma i skade for å bruka slike ord, spesielt der ein baserer nynorskomsettinga på bokmålomsettinga.
Men dessverre er ordtilfanget i Bokmålsordboka og Nynorskordboka ikkje likt. Det er dermed mange «nynorskord» som berre finst i Bokmålsordboka. Dette gjer at ein vil få mange falske positive når ein køyrer skriptet. For eksempel er «ifølgje ordbøkene» dette ord som ein ikkje kan skriva på nynorsk, men som ein fint kan skriva på bokmål:
– opphavsperson – fluktrute – trefarga – venting – låsing – poengsum – bonuspoeng – høgdeskrekk – hjernetrim
På grunn av dette vert korrekturlesingsregelen *ikkje* køyrd som standard, og ein må bruka omgjevnaden «mformsjekk» (kortform for «målformsjekk») for å ta han i bruk. Sjølve regelen har ID-en «bokmålsord», so for å køyra (berre) han, kan de bruka denne kommandoen:
posieve check-rules -senv:mformsjekk -srule:bokmålsord
Håpar denne viser seg nyttig for å luka ut bokmålsord frå omsettingane våre.