Den 31. aug. 2015 11:12, Stian Furu Øverbye skreiv:
Jeg vil gjerne bidra med å oversette KDE og ble bedt om å sende en epost i denne mailing listen. Bruker Arch Linux 64-bit med Plasma/KDE 5.
Hei, og velkommen til omsettarmiljøet. Flott at du ønskjer å bidra!
Det første du bør gjera, er å lasta ned alle omsettingsfilene. Det gjer du ved å køyra kommandoen
svn co svn://svn.skolelinux.org/skolelinux/trunk/i18n skolelinux-i18n
No vert alle filene lagde i mappa «skolelinux-i18n». (Kjør gjerne kommandoen no, før du les resten av e-posten, sidan nedlastinga kan ta litt tid).
Sidan du vil omsetta til bokmål (reknar eg med), finn du omsettingsfilene i undermappa «kde4/summit/nb/summit/messages/».
For ei oversikt over kva som er omsett, ikkje omsett eller delvis omsett, sjå http://l10n.kde.org/stats/gui/trunk-kf5/team/nb/ (men merk at filene her ikkje er *heilt* identiske med det som finst i vårt SVN-arkiv, då våre omsettingsfiler inneheld omsettingar for både KDE 4 og 5, og både stabile og utviklingsversjonar, mens statistikksida berre viser statistikken for utviklingsversjonen av KDE 5 (sjå i venstremargen for lenkejr til den andre versjonane).)
Til omsettinga brukar me programmet Lokalize i KDE. Det er ganske effektivt og brukarvenleg. Viss du opnar prosjektfila «kde4/summit/nb/index.ktp», skal du automatisk få dei rette innstillingane for KDE. (Men du må også skriva inn eige namn og e-postadresse, under «Innstillingar → Set opp Lokalize».)
Før du tek til på omsettinga, er det veldig viktig at du les gjennom dei språklege retningslinjene våre (desse er felles for bokmål og nynorsk):
http://i18n.skolelinux.no/retningslinjer.html
Det er eit langt dokument, men med mykje god informasjon og ein del nyttige tips. Ønskjer du å skriva det ut, finst det ein eigen PDF-versjon til dette. Me har òg ei fellesordliste på http://i18n.skolelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html som du bør følgja.
Kommunikasjon om omsettingane foregår på e-postlistene i18n-nb, i18n-nn og i18n-no (for bokmål, nynorsk og ting som er felles for målformene). Du bør iallfall melda deg på både i18n-no og i18n-nb. Adresser:
https://lister.ping.uio.no/mailman/listinfo/i18n-nb https://lister.ping.uio.no/mailman/listinfo/i18n-nn https://lister.ping.uio.no/mailman/listinfo/i18n-no
Når du har omsett (delar av) ei fil, kan du senda resultatet av «poediff -c svn» til meg (eller til e-postlista i18n-nb). Eg (ev. andre) vil då sjå gjennom, eventuelt gje tilbakemeldingar og legga inn omsettinga i SVN-lageret om alt ser bra ut. «poediff»-verktøyet finn du i mappa «kde4/summit/pology/bin».
Språkvask av dei gamle omsettingane er for øvrig òg viktig, viss du føretrekker å arbeida med det. Elles vil eg anbefala deg å konsentrera deg om program som du brukar og kjenner sjølv.
Omsettingsfilene vert (meir eller mindre) regelmessig oppdaterte, so det er lurt å alltid kjøra «svn up» før du tar til på ei ny fil. (Det finst òg mange grafiske SVN-klientar, om du føretrekker det.)
Etter at du har komme med fleire omsettingar som ser språklege og teknisk greie ut, vil det ikkje vera noko problem å få skrivetilgang direkte til SVN-lageret vårt, slik at du kan senda inn omsettingane utan å måtta gå via meg eller e-postlista.
Elles er det berre å komma med spørsmål. Av og til kan det vera greiare å kommunisera via lynmeldingar. Då kan du registrera deg på https://kdetalk.net/ for ein XMPP-konto, og bruka KDE-programmet Kopete. Mitt brukarnamn er huftis@kdetalk.net og karl@huftis.org (og huftis@jabber.no og huftis@jabber.org). Nokre av oss er også på IRC, i kanalen #i18n-no på Freenode.