Vidar L? vidarlo@vestdata.no writes:
Hmm. Følgande konsept for oversetjing av spel: Du spelar, for kvar tekst som kjem opp får du ein boks der du skriv inn teksten på norsk. Når du endeleg er komen rundt, har du brukt utruleg long tid på og omsetje lite, men du har hatt det kjekt. Eg trur dette hadde motivert unge omsetjarar (Eg er sjølv ganske ung, med mine 15 år).
eg er litt usikker på verdien av å omsetje spel i forhold til programvare som ein brukar dagleg, men sidan alt er frivilleg arbeide, er det sjølvsagt opp til kvar enkelt å gjere det som vedkomande synest er mest artig.
det slo meg at ein relativt enkelt kunne gjere slike spel om til pedagogisk programvare: legg inn inn ein knapp som gjer at ein får opp den aktuelle teksten (den siste tekstruta, t.d.) på eit anna språk. det er verdt å minne om at dette ikkje treng vere engelsk -> norsk, det kan like gjerne vere fransk -> tysk viss omsetjingane finnest. dette må sjølvsagt kodast inn i Adonthell-systemet. eg har ikkje sett på koden og veit ikkje kor vanskeleg det er.
Kjetil T.