Tysdag 3. februar 2004 13:14 skreiv Petter Reinholdtsen:
[Rune Kristian Viken]
Er det skolelinux som står for oversettelsen av KDE til norsk?
Ja.
Hei :) Nynorsk, bokmål og nordsamisk, for å vera heilt nøyaktig.
Isåfall, hvordan går det med prosjektet? Ser ikke ut som om norsk-oversettelsen er med i CVS-digestene foreløpig?
CVS Digest har berre med topp-10-lista over dei aller mest komplette omsetjingane. På norsk har me valt å konsentrera oss om å sikra kvaliteten på dei viktigaste KDE-programma i staden for å omsetja mest mogleg. Difor er det ein del svære program (t.d. KDevelop) som ikkje er omsette, og det gjer at nynorsk og bokmål fell eit stykke ned på statistikken utan at det er særleg alvorleg. Hjelpetekstane er heller ikkje med i topp-10-lista, og dei reknar me som viktigare enn ein del av dei meir perifere programma. Du finn ei grov prioriteringsliste her: <URL: http://i18n.skulelinux.no/prioritering.html >
Eit lite problem med KDE CVS Digest er forresten at omsetjingsstatistikken er henta frå HEAD-greina av CVS. Omsetjing går stort sett føre seg i ei stabil grein som KDE_3_1_BRANCH og KDE_3_2_BRANCH. Difor er denne statistikken sjeldan representativ, bortsett frå akkurat når KDE gjev ut ein ny «storversjon». (Som t.d. ved KDE 3.2 nett no.)
Siden releaseparty er "any moment now", så ville det kanskje være greit å få sync'et ting? Eller, hvordan foregår det?
Aller siste frist for KDE 3.2.0 var for litt over ei veke sidan, og våre omsetjingar opp til dess er komne med. Me held fram for full styrke mot nye versjonar av KDE 3.2.x.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes