Fint med statusoppdatering.
Eg nyttar KDE og set stadig pris på den grundige omsettinga til nynorsk. Også omsettinga i Libreoffice virkar svært god, sjølv om eg ikkje brukar det programmet så ofte.
Eg kan vere interessert i å bidra litt til KDE-omsettinga, om enn berre med nokre timar her og der. Eg måtte melde pass før, men no har eg meir tid å ta av. Omsettinga til bokmål ser eg ikkje er like fullstendig som den nynorske, så her kan eg godt hjelpe til om det trengst. Eg har allereie prøvd meg litt på omsetting gjennom Transifex, ein nettbasert omsettingsportal, men denne synest eg blir litt uoversiktleg å jobbe med.
Helsing Øystein Steffensen
Den 13. feb. 2018 21:14, skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Nesten synd eg ikkje bruker Linux. Her ser det ut til å vere svært mykje bra med svært mykje arbeid bak. Kan nemne at omsetjinga av LibreOffice er 100 % på både brukargrensesnittet og hjelp. Så det er inga ulempe at programmet har overtatt. Brukargrensesnittet er også 100 % omsett til bokmål, men for hjelp manglar ca. 125 000 omsetjingar. Ser at det blir arbeidd med saka. Begge omsetjingane treng språkvask, så her er oppgåver for dei rette personane.
For GIMP ligg eg ein del etter i det som skal bli versjon 2.10. Slit mellom anna med fagterminologien her. Som for dei aller fleste, er dette fritidsarbeid for meg også. Helsing Kolbjørn
Den 13.02.2018 19:40, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Det er lenge sidan eg kom med ei statusoppdatering for omsettinga av KDE-programma til nynorsk. Så her er ei.
Kort sagt står det veldig bra til med KDE-programma på nynorsk. Alle hovudprogramma er 100 % omsett, og det same gjeld det meste av «systemprogramma»/brukarflata. Det kjem stadig nye funksjonar i programma (følg dagleg med på https://planet.kde.org/ for ei oversikt over alt som skjer), og eg legg til omsettingar stort sett etter kvart som nye tekstar dukkar opp.
Når det gjeld meir perifere program og spel, varierer det kor komplett nynorskomsettinga er. I nokre modular (samlingar med program) er nesten ingenting omsett, men i andre er nesten alt omsett. Dei fleste spela er omsett, mens 2/3 av dei pedagogiske programma er omsett.
Når det gjeld kontorprogramvaresamlinga (Calligra, tidlegare KOffice), er *veldig lite* omsett. For reknearkprogrammet Calligra Sheets er rett nok om lag 2/3 av tekstane omsett, men inkje vesentleg omsettingsarbeid har blitt gjort sidan 2008. (Interessant nok vart den *første* omsettinga av ein tekst brukt i dette programmet gjort allereie i 1999!).
No har jo LibreOffice stort sett overteke «kontorprogramvaremarknaden» når det gjeld fri programvare, og dei har òg mykje fleire utviklarressursar, så nynorskomsettinga av Calligra vert nok prioritert (heilt) ned framover òg. Eitt unntak vert *kanskje* det fantastiske teikne- og måleprogrammet Krita (https://krita.org/en/), som har hatt svært stor suksess også på Windows og Mac dei siste åra, og som også er/var ein del av Calligra. Det har eg lyst til å omsetta til nynorsk ein dag. Men det er eit enormt stort program (og nok krevjande å omsetta og kvalitetssikra omsettinga), så det òg er førebels prioritert ned.
Eg kan jo også nemna nokre av KDE-programma eg har omsett frå grunnen av sidan førre statusoppdatering:
Likar ein å sy krossting, kan programmet KXStitch (https://userbase.kde.org/KXStitch) kanskje vera av interesse. Eg har omsett heile programmet til nynorsk. Under kvalitetssikringa av omsettinga fann eg òg nokre feil og ting som kunne forbetrast i programmet, som eg melde frå om. Desse vart raskt retta.
Samlar ein på noko, anten det er bøker, filmar, myntar, frimerke, brettspel, musikk eller anna, er programmet Tellico (http://tellico-project.org/) noko for ein. Eg har omsett heile programmet til nynorsk. Òg her melde eg inn nokre feil/forbetringsforslag, som alle vart retta. No støttar programmet igjen boksøk frå norske BIBSYS.
Kdesvn er eit meir teknisk program, for folk som likar eit grafisk brukargrensesnitt til SVN. Uansett, no er programmet tilgjengeleg på nynorsk. (Og eg trur nynorskomsettinga er hakket betre enn den engelske originalversjonen, som var skriven av nokon som absolutt *ikkje* har engelsk som morsmål …) Òg her fann eg nokre små feil som eg melde inn, og som har blitt retta.
Siste nye program av ein viss storleik er Elisa, ein ny musikkspelar for oss som framleis sit med eit større (filbasert) musikkbibliotek. Etter at utviklinga av både Amarok og JuK ser ut til å ha stoppa heilt opp, er det kjekt at det endelege har dukka opp eit alternativ! I Elisa har ein lagt vekt på at ting skal vera enkelt og brukarvennleg. Følg med på https://mgallienkde.wordpress.com/ for siste nytt. Programmet er framleis under kraftig utvikling, men det lovar bra. Eg passar på å halda nynorskomsettinga oppdatert etter kvart som det kjem nye funksjonar og forbetringar.
Det var første statusoppdatering for KDE på nynorsk i 2018. Sjølv om mykje er omsett, er det framleis *svært* mykje igjen å setta om. Så viss nokon er interessert i å bidra, anten med omsetting, korrekturlesing eller anna kvalitetssikring, er det berre å ta kontakt, anten her på lista eller direkte med meg.
Denne e-posten har blitt sjekket for virus av antivirusprogramvare fra Avast https://www.avast.com/antivirus
E-postlista i18n-nn i18n-nn@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn