Hei
No har eg byrja å generere docbook-filer for omsetjingane av hjelpetekstane. Dette er ikkje heilt beint fram, så eg vil freiste å laga ei oppskrift her som kan hjelpe andre med å gjera det same.
Ei litt rotete forklaring står i «Translation howto» på omsetjarsidene til KDE: http://i18n.kde.org/translation-howto/index.html
Kva du treng: - Ein installasjon av KDE (helst nyaste versjon) på maskina di med i18n-filer for språket du omset til (skripta brukar ein del av desse filene under generering av docbook). - For debian må du ha installert pakken po2xml. kdelibs-dev med alle sine avhengighetar må også vere installert. Kan vere du treng fleire pakkar, kjem du over noko som manglar så føy det til her. - Du må naturlegvis ha ein lokal kopi av skolelinux/i18n frå cvs.skolelinux.no. - Du må hente ut <modul>/doc frå CVS'en til KDE med revisjon KDE_3_1_BRANCH. Framgangsmåte finn du på developer.kde.org. <modul> er ein av modulane i KDE (t.d. kdenetwork, kdebase, kdegames), du treng berre den modulen som inneheld programmet du skal generere hjelpetekstar for. Eventuelt berre <modul>/doc/<program>.
Det du må gjere: Med dette skulle du vere klar til å laga docbook-filer. Først må du kopiere/flytte <modul>/doc katalogen til riktig plass i din lokale skolelinux/i18n-kopi. Katalogstrukturen skal sjå slik ut: skolelinux/i18n/<modul>/doc/
No kan du gå til katalogen skolelinux/i18n/head-kde-i18n/ og køyra skriptet: #>./update_xml nn <modul> eller #>./update_xml nb <program>
Det første er for å generere for alle programma som han finn i <modul> for nynorsk. Det andre er for å generere for <progam> for bokmål.
Kva som går gale: Viss du støyter på feilmeldingar undervegs, så har eg også gjort det. Her er det eg møtte på:
- Feilmelding om uknown entity: Det er ein del felles omsetjingar av mykje brukte ord og forkortingar, som til dømes KDE, etc., t.d., f.eks. og slike ting. Desse vert henta frå den eksisterande installasjonen din og han inneheld ein del feil på nynorsk og bokmål. Filene for nynorsk finn du her (Debian): /usr/share/apps/ksgmltools2/customization/nn/ For bokmål er det førebels berre filer i: /usr/share/apps/ksgmltools2/customization/no/ Desse må truleg kopierast inn i: /usr/share/apps/ksgmltools2/customization/nb/ og rettast på.
Filene i desse katalogane inneheld mykje feil, så du må hente ut siste versjon av filene frå CVS og kopiere dei inn på rett plass. I cvs'en ligg dei på følgjande plass: kde/kdelibs/kdoctools/customization/nn og no (nb skal kome) Hent også ut siste versjon av den engelske (en) for referanse.
Sjå etter at entiteten som du får feilmelding på er med i desse filene (user.entities) og du har truleg løyst problemet.
Viss entitetane ikkje finst i desse filene kan det vere at dei blir definert i ei fil som blir generert etter fila som gir feilmelding. Det løyser du ved å køyre skriptet på nytt.
Andre syntaxfeilar må du rette i po-fila.
Når filene i /usr/share/apps/ksgmltools2/customization er rett sett opp skal det vere greit å generere docbook-filer.
Innsetjing av skjermbilete. Lokaliserte skjermbilete må setjast inn manuelt. Det gjer du ved å lagra biletet i png-format og kopierer det til katalogen som inneheld docbook-filene (skolelinux/i18n/head-kde-i18n/<lang>/docs/<modul>/<program>). Fila må ha same namn og relativ plassering som den engelske fila. Du finn det i kde-cvs'en: kde/<modul>/doc/<program>/