on. den 21. 09. 2022 klokka 20.16 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer:
Petter Reinholdtsen skreiv 21.09.2022 19:50:
Hva er en god oversettelse av begrepet 'localization', ofte forkortet til 'l10n'. Har sett flere, usikker på hvilken jeg synes er verst:
- lokalisering
- lokaltilpassing
- regionale tilpassinger
- regiontilpassing
- oversettelse
Tja, «oversettelse» er vel eigentleg verst, sidan l10n er så mykje meir enn berre omsetting. Eg siterer meg sjølv frå ein e-post til denne lista i 2020: […]
Det er L10N me driv me når me omsett dataprogram. Det vert av og til kalla «lokalisering» på norsk, men me kan med fordel kalla det språkversjonering. Det inneberer omsetting, men òg andre språk-, lands- og kulturtilpassingar, for eksempel slik at me kan skriva desimaltal med komma, ikkje punktum, […]
"språkversjonering" synest eg var eit merkeleg ord, kva er tanken bak det?
eg likar best "regiontilpassing" eller "regionale tilpassingar" sjølv, mest fordi "lokal tilpassing" gjerne vert gjort veldig lokalt, for å understøtte behov i ei bedrift el.l.