Onsdag 4. februar 2009 skreiv Petter Reinholdtsen:
[Karl Ove Hufthammer]
Eg veit utmerka godt kor komplett/ukomplett Ordbanken er. Ordbanken har nøyaktig det Nynorskordboka og Bokmålsordboka har,
Snakker du her om Nynorskordboka og Bokmålsordboka på web?
Ja. Eller dei trykte utgåvene. Innhaldet skal vera det same.
Jeg trodde ordbanken og de to ordbøkene på web var to separate databaser, og at det ikke var sjekket at de samme ordene er med der. Har jeg tatt feil?
Det er to separate databasar som vert representert på same sida. Den eine inneheld artikkeltekstane med eksempel på ord og forklaringar (høgrekolonnen), og den andre inneheld bøyingane (venstrekolonnen). Ordoppføringane i dei to basane er knytte saman, og skal vera identiske (sjølv om det sjølvsagt kan vera feil).
For det første verkar det veldig tilfeldig kva samansette ord som vert lagde til (og ein del «pussige» ord er med),
Jeg har fått forklart at de ordene som er med er de som ble observert brukt i norske aviser da stavekontrolldatabasen ble til. Jeg tror dermed ikke det er tilfeldig. :)
Då er det tilfeldig. Dette til orientering.
og for det andre er det berre enkeltbøyingar av orda som vert lagde til, òg utan informasjon om kva type ord og bøying som vert brukte, noko som førerer til ein veldig inkonsekvent stavekontroll,
Hvordan ville tilgangen på alle bøyninger og informasjon om type ord og bøyning føre til bedre stavekontroll?
Er ikkje det openbart? Viss stavekontrollen hadde hatt alle bøyingane av eit ord, ville han ikkje sagt ordforma som ikkje var feilstava var feilstava. Han ville heller ikkje komma ved forvirrande forslag om retting, som for eksempel at «meditasjonsteknikker» bør rettast til «meditasjonsteknikken».
Når det gjeld informasjon om type ord, vil dette berre vera til nytte for ein eventuell meir avansert stavekontroll (som for eksempel kan finna ut ordet «då» er feilstava sidan det berre står ein plass for eksempel ord som «få» kan gjera). Det var for øvrig ikkje det eg tenkte på.