Via Nasjonalbiblioteket har me gratis tilgang til andreutgåva av «Svenkerud», dvs. Cappelens Stor engelsk-norsk ordbok: http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2018022007020 Dette vert rekna som (med stor margin) den beste ordboka for omsetting frå engelsk til norsk. (Boka må ikkje forvekslast med «Cappelens engelsk-norsk ordbok» eller «Stor engelsk-norsk ordbok» frå andre forslag. Dei er alle dårlegare.)
Nasjonalbiblioteket har ein søkefunksjon, men han er gjerne mindre nyttig for å *slå opp* enkeltord (søketreffa viser typisk til tekst i *forklaringar* for andre søkeord). Ein kan bla, men boka er på 1329 sider, så det er litt upraktisk. For eigen bruk har eg derfor laga eit lite og primitivt bash-skript for å gjera oppslag litt kjappare, som eg her deler:
#!/bin/bash oppslag=$1 startidx=(0 19 87 169 287 351 393 461 511 559 601 613 623 677 745 771 809 \ 913 919 989 1147 1227 1253 1267 1315 1315 1320 1321) bokstav1nr=$(( $(printf '%d' "'$oppslag") - 96 )) bokstav2nr=$(( $(printf '%d' "'${oppslag:1:1}") - 96 )) kapstart=${startidx[$bokstav1nr]} kapslutt=${startidx[$(( bokstav1nr+1 ))]} side=$(( kapstart + (bokstav2nr - 1)*(kapslutt - kapstart)/26 )) xdg-open "http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2018022007020?page=$side"
Ein oppgjev ordet ein vil slå opp, som førsteargument. Viss ein for eksempel legg skriptet i ei fil med namnet «eng» (for «engelsk»), vert det altså
./eng translate
for å slå opp ordet «translate». Men merk at skriptet berre ser på dei to første bokstavane i oppslagsordet. Det brukar første bokstav til å velja rett kapittel (hardkoda liste med sidetal) og gjettar seg til sidetalet for oppslagsordet ved lineær interpolering basert på andre bokstav (altså under den ganske urealistiske føresetnaden at alle 26 andrebokstavane er like hyppige i orda som begynner med førstebokstaven). Det fungerer i praksis *greitt nok*. Ein hamnar gjerne nokre sider før eller etter oppslagsordet, men ein kan kjapt bla til rett side med venstre- og høgrepiltastane (første og siste oppslagsord på kvar side står oppe til venstre og høgre).
Håpar skriptet kan vera til nytte. Merk at ordboka er frå 1988, så alle moderne dataord manglar. Men det er overraskande kor mykje dataterminologi som var på plass allereie i 1988 (ordboka inneheld 3750 dataord som oppslagsord). Og dei fleste andre engelske orda og uttrykka ein kjem over, skal vera godt dekte.