Det er lenge sidan eg kom med ei statusoppdatering for omsettinga av KDE-programma til nynorsk. Så her er ei.
Kort sagt står det veldig bra til med KDE-programma på nynorsk. Alle hovudprogramma er 100 % omsett, og det same gjeld det meste av «systemprogramma»/brukarflata. Det kjem stadig nye funksjonar i programma (følg dagleg med på https://planet.kde.org/ for ei oversikt over alt som skjer), og eg legg til omsettingar stort sett etter kvart som nye tekstar dukkar opp.
Når det gjeld meir perifere program og spel, varierer det kor komplett nynorskomsettinga er. I nokre modular (samlingar med program) er nesten ingenting omsett, men i andre er nesten alt omsett. Dei fleste spela er omsett, mens 2/3 av dei pedagogiske programma er omsett.
Når det gjeld kontorprogramvaresamlinga (Calligra, tidlegare KOffice), er *veldig lite* omsett. For reknearkprogrammet Calligra Sheets er rett nok om lag 2/3 av tekstane omsett, men inkje vesentleg omsettingsarbeid har blitt gjort sidan 2008. (Interessant nok vart den *første* omsettinga av ein tekst brukt i dette programmet gjort allereie i 1999!).
No har jo LibreOffice stort sett overteke «kontorprogramvaremarknaden» når det gjeld fri programvare, og dei har òg mykje fleire utviklarressursar, så nynorskomsettinga av Calligra vert nok prioritert (heilt) ned framover òg. Eitt unntak vert *kanskje* det fantastiske teikne- og måleprogrammet Krita (https://krita.org/en/), som har hatt svært stor suksess også på Windows og Mac dei siste åra, og som også er/var ein del av Calligra. Det har eg lyst til å omsetta til nynorsk ein dag. Men det er eit enormt stort program (og nok krevjande å omsetta og kvalitetssikra omsettinga), så det òg er førebels prioritert ned.
Eg kan jo også nemna nokre av KDE-programma eg har omsett frå grunnen av sidan førre statusoppdatering:
Likar ein å sy krossting, kan programmet KXStitch (https://userbase.kde.org/KXStitch) kanskje vera av interesse. Eg har omsett heile programmet til nynorsk. Under kvalitetssikringa av omsettinga fann eg òg nokre feil og ting som kunne forbetrast i programmet, som eg melde frå om. Desse vart raskt retta.
Samlar ein på noko, anten det er bøker, filmar, myntar, frimerke, brettspel, musikk eller anna, er programmet Tellico (http://tellico-project.org/) noko for ein. Eg har omsett heile programmet til nynorsk. Òg her melde eg inn nokre feil/forbetringsforslag, som alle vart retta. No støttar programmet igjen boksøk frå norske BIBSYS.
Kdesvn er eit meir teknisk program, for folk som likar eit grafisk brukargrensesnitt til SVN. Uansett, no er programmet tilgjengeleg på nynorsk. (Og eg trur nynorskomsettinga er hakket betre enn den engelske originalversjonen, som var skriven av nokon som absolutt *ikkje* har engelsk som morsmål …) Òg her fann eg nokre små feil som eg melde inn, og som har blitt retta.
Siste nye program av ein viss storleik er Elisa, ein ny musikkspelar for oss som framleis sit med eit større (filbasert) musikkbibliotek. Etter at utviklinga av både Amarok og JuK ser ut til å ha stoppa heilt opp, er det kjekt at det endelege har dukka opp eit alternativ! I Elisa har ein lagt vekt på at ting skal vera enkelt og brukarvennleg. Følg med på https://mgallienkde.wordpress.com/ for siste nytt. Programmet er framleis under kraftig utvikling, men det lovar bra. Eg passar på å halda nynorskomsettinga oppdatert etter kvart som det kjem nye funksjonar og forbetringar.
Det var første statusoppdatering for KDE på nynorsk i 2018. Sjølv om mykje er omsett, er det framleis *svært* mykje igjen å setta om. Så viss nokon er interessert i å bidra, anten med omsetting, korrekturlesing eller anna kvalitetssikring, er det berre å ta kontakt, anten her på lista eller direkte med meg.