Sigmund Hansen skreiv 27.06.2021 21:15:
Tviler sterkt på at det finnes noen empiriske målinger av folks kjennskap til ordet "versal" eller sammensetningen "versalvar". Jeg trodde det var nynorsk, "versalar", som hadde fått inn en skrivefeil. Kunne man kanskje brukt "versal-var" for å øke lesbarheten for dem ordet er fremmed for?
Eg har ordet «varsalvar» i mitt vokabular, men har aldri likt det noko.
Den første diskusjonen av ordet på denne lista (som då heitte i18n-no) som eg finn, er forresten frå 2001. Då spurde Herman Robak «Hvordan uttrykke dette kort og presist på norsk?» og Gaute Hvoslef Kvalnes (som då var koordinator og eineomsetjar av KDE til nynorsk) svarte:
Kort og godt: 'versalvar'
Men det ordet skjønar ingen. […]
:)
Men viss meininga er nokolunde klar, anten direkte frå samanhengen eller frå gjentatt eksponering, synest eg «skill store/små» bør vera OK. Me har jo til og med program som brukar *éinbokstavs*forkortingar (eks. «S» for «Send», eller «y/n/?»), og det fungerer heilt fint. Sjølv om det ikkje nødvendigvis er *umiddelbart* forståeleg, så forstår ein jo det når ein blir presentert for og brukar valet fleire gongar («gjentatt eksponering»).