Laurdag 11. mai 2002 16:24 skreiv Gaute Hvoslef Kvalnes:
«Enable» bør elles setjast om til det same ordet overalt. Eg har fått kommentarar på at «aktiver» (og ikkje minst «deaktiver») ikkje er så veldig bra norsk. I nokre tilfelle trur eg ordet kan strykast heilt, spesielt når det er snakk om av/på-knappar i ein dialogboks:
Ikkje ... [ ] Enable Joliet extensions [ ] Enable Burn-Proof [ ] Enable random chrashes
... men: [ ] Joliet extensions [ ] Burn-Proof [ ] Random chrashes
Men det er kanskje vel så mykje eit stilval i originalteksten. Er det nokon som veit korleis «profesjonelle» program vanlegvis gjer?
KDE Usability Project har nett kome med nokre forbetringsforslag som mellom anna illustrerer dette poenget bra. Sjå spesielt forslag nummer 2 på <URL: http://www.realityx.net/kde/usability/kicker/ >. (Bileta til venstre viser KDE i dag, medan dei til høgre viser den forbetra utgåva.)
Nettsidene til KDE Usability Project ligg på <URL: http://usability.kde.org/ >
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes