Sundag 28. februar 2010 skreiv Torstein Winterseth:
Eg har ikkje lyst å leggje opp til ein stor strid, men sette spørsmålsteikn ved retningslinjene til nynorsk omsetting av programvare.
Det er greitt å ta opp spørsmålet her på lista, men eg vil berre gjera oppmerksam på at me har ei eiga diskusjonsliste for nynorskomsettinga: https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn
Slik det er i dag så må vi bruke a-infinitiv på verb. Dvs. å skrive «å informera» i staden for «å informere». Eg forstår at nokre målføre, spesielt på vestlandet, har a-infinitiv og andre har kløyvd infinitiv (a-infinitiv på korte verb, e-infinitiv på resten). Men eg klarer ikkje å skjøne kvifor vi må omsette all programvare til a-infinitiv når e-infinitiv er eit meir logisk val ettersom det er kva lærebøkene bruker
Dette stemmer ikkje. Ulike lærebøker brukar ulik infinitiv og ulike språklige stilval (me/vi, ljos/lyd, nyhender/nyheiter osv.), avhengig av forfattar, omsettar og forlsag. Det har for øvrig òg før komme arbeidsbøker for elevane i begge variantane, for eksempel Aschehougs «les og skriv»-serie, men eg veit ikkje om det framleis finst eksempel på dette.
E-infinitiv eller a-infinitiv er valfritt innanfor læreboknormalen, sjølv om e-infinitiv gjerne er mest vanlig. Sjå òg Språkrådets bok «Godt språk i lærebøker». Det er mykje interessant lesnad der.
og det alle på den norske skolen lærer når dei lærer nynorsk.
Det får me då verkelig ikkje håpa! Elevane skal læra nynorsknormalen, som for øvrig er mykje vidare enn læreboknormalen, som lærebøkene og me brukar. Nynorsk har stor valfridom, og det er naturlig at elevane lærer dei formene som ligg nærast målføret sitt, slik at formene vil variera mellom ulike plassar i landet. Men kva former dei lærer avhenger sjølvsagt òg på læraren, og kva han/ho er van med. Slik sett kan det jo vera bra at ulike læremiddel brukar ulike språklige stilformer, sånn at elevane vert eksponerte for den valfridomen dei faktisk har.
Nokre program som er brukt av mange, f.eks. Mozilla Firefox og Microsoft Windows si nynorskomsetting bruker ikkje a-infintiv, men e-infinitiv.
Mozilla Firefox har valt å ikkje følgja dei språklige retningslinjene våre, og for øvrig heller ikkje læreboknormalen, so vidt eg kan sjå. Dei aller fleste programma og spela som er omsett til nynorsk følgjer dei språklige retningslinjene våre. Det er her snakk om hundrevis av program og hundretusenvis av programtekstar. Me har mangel nok på folk til å omsetta *nye* programtekstar og program, og å endra alle dei eksisterande tekstane vil vera ei enorm sløsing av ressursar, sjølv om ein skulle meina e-infinitiv skulle vera «betre» enn a-infinitiv (noko for øvrig for eksempel ikkje eg meiner).
Om eg ikkje tek feil så bruker kontorpakka OpenOffice.org si nynorskomsetting òg e-infinitiv.
Det stemmer ikkje. OpenOffice.org brukar a-infinitiv, og følgjer dei språklige retningslinjene våre.
Litt om nynorsknormalen vår: Normalen er utforma for å gje eit moderne, munnlig, enkelt og «norsk» språk:
Språket skal vera enkelt, både i grammatikken og i terminologien, for å kunna forståast av vanlige menneske utan avansert datakunnskap, og av elevar i skulen.
Med «norsk» meinest at me brukar norske ord til fordel for utanlandske. Me skriv for eksempel ikkje «software», «server» eller «printer», men brukar dei norske orda «program(vare)», «tenar» og «skriver». Her er me meir norsk enn for eksempel Microsoft, som brukar ei rekkje engelske ord i omsettingane sine.
Me unngår òg fremmendord som strengt tatt er lovlige norsk, men som me oppfattar som dårlig og unødvendig komplisert norsk, og som gjer språket vanskeligare å forstå. Eksempel er «konfigurasjon» («oppsett»), «lokasjon» («plassering», «adresse») og «applikasjon» («program» i dei fleste samanhengar).
I form kan normalen seiast å vera moderat, i motsetning til konservativ («høgnorskaktig») eller radikal («bokmålsaktig»). Han er ikkje radikal, i det at me for eksempel ikkje brukar former som «noe» eller «mye», men heller «noko» og «mykje». Han er ikkje konservativ, i det at me ikkje brukar former «ljos» eller «hyrne», men heller «lys» og «hjørne».
Alle omsettarane vil nok finna former som avvik frå deira favorittformer, og det som er naturlig ut frå deira målføre, men dei språklige retningslinjene reflekterer former som bør vera akseptable for dei fleste brukarane.
For øvrig kan sjølvsagt kven som helst velja å avvika frå dei språklige retningslinjene når han/ho omset programvare til nynorsk eller bokmål. Dei er berre anbefalingar som me omsettarane har blitt einige om, ikkje krav (utanom innanfor visse programsamlingar, som KDE og OpenOffice.org, der det er viktig med eit konsekvent språk, ikkje minst fordi enkelttekstar vert delte mellom fleire program).