Hans Fredrik Nordhaug skreiv 19.08.2024 10:30:
Veldig bra. Verktøy-sider er nyttig. Vi må kanskje passe på at vi fokuserer på bruk for oversettelse til norsk. F.eks. må det vel finnes gode sider om f.eks. nettbaserte og skrivebordsprogram for oversettelse?
Ikkje som eg veit om. Men er einig i at me ikkje treng duplisera dokumentasjon som finst andre plassar. Så i nokre tilfelle held det nok å visa til eksterne sider (kanskje med eit praktisk eksempel eller to).
Men eg har tenkt å laga ei side (ev. videoar) som viser korleis ein brukar Lokalize i praksis (og då indirekte generelt om korleis omsetjing av dataprogram faktisk føregår). Det finst formell dokumentasjon (https://docs.kde.org/trunk5/en/lokalize/lokalize/index.html), men denne er ikkje så nyttig.
Me har forresten hatt ei offisiell omsetjarhandbok: https://web.archive.org/web/20240712061108/http://i18n.skolelinux.no/handbok... Denne vart sist oppdatert i 2002 og snakkar om eldre program som KBabel og CVS (i staden for Lokalize og Git/SVN), men ein del av det som står der, er faktisk framleis relevant.